Sundheimen – somatisk avdeling – Øygarden kommune Sundheimen

Health and social care Sykepleier

(3 dager siden)

  • SKOGSVÅG
  •  Lagt til dato: 19. desember 2024
  •  Expire date: 5. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Sundheimen – somatisk avdeling

Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på somatisk avdeling ?

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi arbeidar  tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.

Som sjukepleiar hjå oss får du høve til å vere med på å påverke din eigen arbeidskvardag, du får jobbe tverrfagleg i eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase. Avdelinga har kvar vekedag ein sjukepleiar «på topp», som gjer reine sjukepleiefaglege oppgåver, denne rolla rullerast på. Vi har serviceassistentar på avdelingskjøkken 3-4 dagar i veka.  Arbeidsmiljøet vårt er vi er stolt av, og du vil bli tatt godt imot hjå oss på somatisk avdeling. Vi kan nyleg starta med mentorordning for nytilsette.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
  • Sjukepleiefaglege oppgåver.
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Sørge for god dokumentasjon i CosDoc
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Handtere velferdsteknologiske løysningar
  • Laboratorie-arbeid

 Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse  

 Eigenskapar:

  • Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
  • Personleg eignaheit blir vektlagt 

 Anna:

  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år over gjeldande tariff.
  • Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år.
  • Vernepleiar vil bli vurdert for stilling
  • Stillinga er ledig frå medio februar

Vi tilbyr:

  • Mentorordning satt i system
  • Sjukepleiefaglege utfordringar
  • Spennande og variable kvardagar 
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Rekrutteringstillegg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Gratis parkering og det er mogleg å lade
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån

Kontakt:

Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569

janne.thode@oygarden.kommune.no

 Avdelingsleiar : Silje Skagen Heimdal  , 56160400

Silje.skagen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Sundheimen orgnr: 975270343
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SKOGSVÅG (Adresse: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 Postnr: 5382)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fde280a7-fc3c-4a44-8fac-e1ba1798ae46
IMPORTAPI