Sundheimen – Øygarden kommune Sundheimen

Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting

(2 uker siden)

  • SKOGSVÅG
  •  Lagt til dato: 13. november 2024
  •  Expire date: 28. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 13-11-2024
Deadline: 28-11-2024

 

Sundheimen

Om avdelinga:

Sundheimen er ein triveleg arbeidsplass som ligg sentralt i Skogskiftet. Sundheimen har 48 langtidsplassar fordelt på somatisk- / dementavdeling og no nyleg opna opp fire heildøgns omsorgsbustader.

Vi har ledig avdelingsleiarstilling for dementavdeling som har 18 plassar fordelt på to grupper. Avdelingsleiar har og drifts- og personalansvar for nattevakter, eit dagsenter(ca 8 pasientar) med to årsverk og fire nyleg oppretta omsorgsbustader med heildøgn. Personalet i desse omsorgsbustadane er ein del av demensavdelinga .

Vi har fokus på omsorg og tryggleik, både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi treng ein dyktig og kunnskapsrik avdelingsleiar i teamet vårt.

Demografiske utfordringar gjer at vi treng å være innovative og løysingsvillige, sjølv i ein travel kvardag. Er du ein modig, omtenksam leiar som liker å jobbe tett på dine medarbeidarar ? Er du opptatt av kvalitet og utfordringar ? Vi håper at du er den rette og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for dagleg drift, turnus/årsplan og tilrettelegging av aktuelle avdelingar.
  • Delegert personal- og fagansvar. Opplæring og oppfølging, både fagleg og administrativt.
  • Sikre kostnadseffektive tenester og god ressursutnytting innafor tildelte rammer.
  • Relasjonsorientert og endringsbasert leiing
  • Rettleie og støtte personalet for å sikre god fagleg utvikling og trivsel
  • Kjennskap til kontinuerleg forbetring- og utviklingsarbeid. Sikre at brukarane får forsvarlege tenester.
  • Arbeide tett med leiar og avdelingsleiar på somatisk avdeling. Ansvar for oppgåver som til ei kvar tid blir delegert frå einingsleiar
  • Delta i møteverksemd der avdelingsleiarar møtes.
  • Ha oversikt over innkjøp av medisinsk forbruksmateriell i avdelinga

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Helsefagleg høgskule utdanning – fortrinnsvis sjukepleiar
  • Det er krav om praktisk leiarerfaring med personalansvar og / eller formell leiarutdanning
  • Gode datakunnskapar generelt og erfaring i bruk av fagsystem, turnusprogram mm
  • Erfaring frå arbeid med kvalitets -, kompetanse – og medarbeidarutvikling
  • Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med

  • Erfaring med prosesser kring turnus.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein leiar som :

  • evner å engasjere , inspirere og motivere medarbeidarar
  • utøver tydeleg leiarskap
  • har høg grad av relasjonskompetanse, er glad i menneske og har gode kommunikasjonsevner
  • arbeider målretta og har evne å ta slutningar basert på fagleg forsvarlegheit og økonomiske rammer
  • trivs med og toler høgt tempo og eit mangfald av arbeidsoppgåver
  • evner å arbeide systematisk og  strukturert
  • er personleg egna for stillinga, noko vi vektlegg.
  • ser moglegheiter framfor avgrensingar i dagleg drift og som tør å tenkje nytt og utfordre etablerte ordningar der det er hensiktsmessig.

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø der vi saman er opptatt av å finne gode løysingar
  • Ein utfordrande og spennande jobb.
  • Ei avdeling med erfarne, fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Gratis parkering

Kontakt:

Einingsleiar :  Janne Thode  : 45 04 45 69

janne.thode@oygarden.kommune.no

Visjon : Eit fyrtårn i Vest

 Verdiar: 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Sundheimen orgnr: 975270343
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted SKOGSVÅG (Adresse: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 Postnr: 5382)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e6dc9702-e52a-4f2a-876d-ed8f3d6324d4
IMPORTAPI