Sunde barnehage – 2 x 100% barnehagelærar – Kvinnherad kommune Sunde barnehage

Education Barnehagelaerer

(1 dag siden)

  • ROSENDAL
  •  Lagt til dato: 8. januar 2025
  •  Expire date: 31. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 08-01-2025
Deadline: 31-01-2025

 

Sunde barnehage – 2 x 100% barnehagelærar

Omtale av stillinga 

Er du den nye kollegaen vår? Brenn du for den gode barndommen? Ynskjer du å gjera ein forskjell? Vi søker etter kollegaer som har barnet og den gode barndommen i fokus.

Vi søkjer etter 2 medarbeidarar:

1. Barnehagelærar 100% vikariat i svangerskapspermisjon frå mars/april – sluttdato ukjent

2. Barnehagelærar i 100% fast stiling frå juli 2025 (80% barnehagelærar og 20% pedagogisk leiar)

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga i nært samarbeid med pedagogisk leiar
  • Arbeida målretta i samsvar med Lov om barnehager med forskrifter
  • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
  • Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Inspirera, motivera og rettleia assistentar/fagarbeidarar

 

Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning (førskulelærarutdanning)

 

Personlege eigenskapar

  • Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
  • Er sjølvstendig, lærevillig og utviklingsorientert
  • Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
  • Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Generell god helse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Sunde barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted ROSENDAL (Adresse: Rosendalsvegen 10 Postnr: 5470)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3b5c3132-1722-4be5-b45d-44b431e7f845
IMPORTAPI