Styrar i barnehagane på Felle og Fjone – 2. gongs utlysing – Eining for oppvekst og kultur, Nissedal kommune
Carpenters Skredder(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Styrar i barnehagane på Felle og Fjone – 2. gongs utlysing
Frå 01.01.25 er det ledig stilling som styrar i Felle og Fjone barnehagar.
Felle og Fjone har kvar si grendebarnehage, med ei avdeling kvar.
Det er 80% stilling, 40% per barnehage.
Vi vil leggje til rette for 100% stilling dersom dette er ønskjeleg, då i kombinasjon med andre pedagogoppgåver i 20% stilling.
Arbeidsoppgåver
Styraren er barnehagen sin leiar og har fullt ansvar for fag, økonomi og personell. Kommunalsjef for oppvekst og kultur er næraste overordna, og du vil bli ein del av leiargruppa for oppvekst og kultur, saman med andre styrarar, rektorane og kultursjefen. I organisasjonskartet er styrar omtala som avdelingsleiar. Avdelingsleiarar får jamleg opplæring felles i ulike tema innan alle ansvarsområda. Det ligg føre stillingsomtale.
Kvalifikasjonar
Barnehagelærarutdanning
Erfaring som styrar eller annan relevant leiarerfaring er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
Interesse for å leie andre
Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
Samarbeidsevne og fleksibilitet
Omstillingsevne
God relasjonskompetanse
Pågangsmot
Vi tilbyr
Eit spennande fagmiljø i eining for oppvekst og kultur. Styrarar deltek i månadlege styrarsamlingar og leiarmøte med alle avdelingsleiarar i eininga.
Nissedal kommune har fokus på god leiaropplæring og høve til fagleg utvikling.
Du vil få køyregodtgjersle for køyring mellom barnehagane.
Løn etter gjeldande avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Reidun Carol Retterholt, Kommunalsjef for oppvekst og kultur, +47 95921972
Arbeidsstad
Fjonevegen 2238
3855 Fjone
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 4893374680
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Eining for oppvekst og kultur, Nissedal kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Nissedal – der gode liv levast Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25. Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
|
Webside | https://www.nissedal.kommune.no/ |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Skredder |
Sted | TREUNGEN (Adresse: Fjonevegen 2238 Postnr: 3855) |
Stillingstype | Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |