Studieleiar for grunnskulelærarutdanningane – Høgskulen i Volda
Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning(17 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 12-03-2025
Deadline: 27-03-2025
Studieleiar for grunnskulelærarutdanningane
Om stillinga
Høgskulen i Volda, avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, søkjer etter studieleiar til grunnskolelærarutdanningane i eit vikariat i 100% i tidsperioden 01.08.25 – 31.12.25.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha:
- Mastergrad innanfor relevant fagfelt. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- God rettleiingskompetanse.
- God digital kompetanse.
- Evne til å vere fleksibel, løysingsorientert og strukturert.
Søkjar bør ha:
- Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
- Leiarerfaring.
- Erfaring som lærar frå grunnskulen.
- God kjennskap til norsk lærarutdanning.
- Praksislærarerfaring.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Arbeidsoppgåver
Dine ansvars- og arbeidsområde vil i hovudsak vere:
- Fagleg og administrativ leiing av grunnskulelærarutdanningane og erfaringsbasert mastergrad i undervisning og læring
- Kontaktperson for studiet.
- Tett oppfølging av studentar.
- Samarbeide med dei ulike fagmiljøa som er involverte i utdanningane og med praksisfeltet.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar. Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: Studieleiar 1473, kr. 700 000 – 746 00.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til dekan Silje Ims Lied på tlf. 70 07 52 94/ 468 04 958 og/eller studieleiar Eivind Patrick Hanevik på tlf. 70 07 54 87/917 17 129.
Om avdelinga/eininga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda og har om lag 140 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Høgskulen i Volda orgnr: 874855502 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland. |
Webside | http://hivolda.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | VOLDA (Adresse: Joplassvegen 11 Postnr: 6103) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-03-2025 |