Strategisk planleggar – Skyss
Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 27-11-2024
Deadline: 05-01-2025
Strategisk planleggar
Vil du vere med og utvikle kollektivtilbodet i Vestland? I Skyss jobbar vi med å planlegge tilbodet til dei reisande og å utnytte ressursane våre best mogleg. Samfunnsoppdraget vårt er å utvikle eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Ryggrada i eit slikt system er kollektivtilbodet med buss, bybane, båt og ferje. Fleksible tenester, som til dømes bestillingstransport, utfyller linjenettet og bidrar til å auke kvaliteten, tilgangen og effektiviteten i mobilitetssystemet.
Vi treng fleire med på laget for å vidareutvikle rutetilbodet og nye mobilitetstenester i Vestland! Hos oss vil du bli del av eit mangfaldig fagmiljø. Oppgåvene våre femner frå å lage langsiktige planar for tilbodet og å vere pådrivar for å sikre nødvendig kollektivinfrastruktur, til å legge til rette for overgangen til nullutsleppløysingar. Oppgåvene er varierte og har stor fagleg breidde. Vi søker deg som evner å tenke heilskapleg, har god prosessforståing og ønsker å bidra til gode kvardagsreiser for alle som bur og reiser i Vestland.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar hos oss vil du jobbe med
- å utarbeide analysar og utgreiingar om kollektivtilbodet, med tilrådingar om reisebehov, infrastruktur og rutetilbod,
- strategiske planar for kollektivtilbodet og nye mobilitetsløysingar på land og på sjø,
- dialog med interessentar som kommunar og interesseorganisasjonar, og
- intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar.
Du vil utføre oppgåvene dine i samarbeid med kollegaer og fleire fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt mot andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunar, leverandørar, andre samarbeidspartar, innbyggarar med fleire. Du vil få rom til fagleg utvikling og til å bygge nettverk både internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande, frå relevant fagområde (til dømes transportplanlegging, samfunnsplanlegging, samfunnsøkonomi). For å meistre og trivast i jobben må du ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne, og god prosessforståing.
I tillegg er det fint om du har
- erfaring frå transportplanlegging eller samfunnsplanlegging,
- god forståing for interessenthandtering og medverknad,
- kunnskap om kva moglegheiter ny teknologi kan gi oss,
- kjennskap til vestlandsregionen og
- kjennskap til offentleg forvalting.
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som
- vil bidra til berekraftig utvikling av bygd og by,
- er nysgjerrig og arbeider faktabasert og analytisk,
- har evne til strategisk planlegging, pågangsmot og er opptatt av å sjå resultat,
- trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap, og
- bidrar til det gode arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi:
- Moglegheit til å utvikle deg fagleg
- Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
- Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad i Bergen eller Leikanger
Andre opplysningar
- Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på seks månader
- Vi gjer merksam på at ifølge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren verte offentleggjorte sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Gudrun Einbu, avdelingsleiar, 99158084, gudrun.einbu@skyss.no
Einar Aalen Hunsager, faggruppeleiar, 40916229, einar.aalen.hunsager@skyss.no
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4847401414
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Skyss orgnr: 992055138 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om Skyss Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke. Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner. Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss |
Webside | skyss.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |