Stillingsbeskrivelse

Published 25-11-2024
Deadline: 09-12-2024

 

Stomi- og kontinenssjukepleiar

Vil du bli ein del av det kjekke laget vårt på Kirurgisk poliklinikk og trivst du med mykje pasientkontakt og variert arbeid? 

Vi har ledig 60% fast stilling som stomi- og kontinenssjukepleiar 

Helse Førde søkjer ein engasjert og kompetent stomi- og kontinenssjukepleiar. Dette er ei spennande moglegheit for
deg som ønskjer å vere del av eit sterkt fagmiljø og bidra til god omsorg og
behandling for pasientar med stomi- og kontinensrelaterte utfordringar. Som
tilsett hos oss, får du høve til å påverke og tilpasse eigen arbeidskvardag for
å fremje best mogleg pasientoppfølging og fagleg utvikling.

Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde. Det er gode kommunikasjonsmoglegheiter til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar trening eller turar i skog og fjell er dette fasilitetar du har lett tilgjengeleg.

Kirurgisk poliklinikk er slått saman med Ortopedisk poliklinikk, som er ein god arbeidsplass med ulike fagfelt. Fagfelta våre er gastro-, kar-, bryst-, plastikk- og generellkirurgi, ortopedi og skadepoliklinikk. Vi er 16 ansatte, deriblant seksjonsleiar, operasjonssjukepleiar, stomisjukepleiarar og sjukepleiarar. 

Arbeidstida vår er frå kl 08:00 – 15:30, med mulighet for noko fleksibel arbeidstid. 

Velkommen til Helse Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og gi støtte til pasientar med stomi- og kontinensutfordringar
  • Følgje opp born og vaksne som skal anlegge eller har anlagt gastrostomiport, med opplæring og støtte til både pasientar, pårørande og hjelpeapparat i kommunehelsetenesta
  • Bruke Norse Feedback og sprøjeskjemaet “Tilpassing til livet med stomi” – eit tilbakemeldingsverktøy utvikla i Helse Førde i samarbeid med doktorgradstipendiat og stomi- og kontinenssjukepleiar Kirsten Indrebø. Verktøyet gir pasientane høve til å dele utfordringar, tankar og erfaringar knytt til kvardagslivet med stomi, og gir helsepersonell eit solid grunnlag for å tilpasse oppfølginga og støtte tilpassingsprosessen
  • Bidra i utgreiing og behandling av pasientar med obstipasjon, tømmingsvanskar, inkontinens og kvinnehelseplager
  • Arbeide tett med pasientar som har plager etter kirurgi i gastrointestinalkanalen
  • Rettleie pasientar og pårørande i bruk og stell av utstyr og hjelpemiddel
  • Delta i utvikling og implementering av prosedyrar og kvalitetsforbetringar i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning/master i stomi- og kontinensomsorg
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå rettleiing og undervisning er ein fordel
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Sjøvstendig og ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Løysingsorientert og endringsvilleg
  • Engasjement for arbeidet 
  • Må trivast i eit travelt og aktivt miljø
  • Positiv og samarbeidsvillig

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Høve til å påverke og tilpasse eigen arbeidsdag
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marie Fossheim, Fung. seksjonsleiar, 916 91 932

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4888726942
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk poliklinikk, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ac5ebcfc-2085-4453-95b9-24618eb4d945
IMPORTAPI