Stillingsbeskrivelse

Published 03-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Stipendiatstilling innan helsefagleg dataforsking, campus Førde eller Sogndal

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), fakultet for helse og sosialvitskap,  er det ledig ei 100% midlertidig stilling som PhD-stipendiat innan helsefagleg dataforsking med arbeidsplass Førde eller Sogndal. 

Stipendiaten vil gjennomføre si ph.d.-utdanning innanfor en tidsramme på 3 år i 100% stilling. Alternativt kan tidsramma etter avtale vere 4 år, der 25% av tida vil utgjere anna karrierefremmande arbeid  i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon ved HVL, eller anna arbeid.

Stipendiaten vil inngå i forskingsgruppe for persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK), med hovudmål å bidra med forsking av høg kvalitet og internasjonalt gjennomslag, som fører til betre og meir persontilpassa helsetenester. PERSONFORSK har spesielt fokus på helsehjelp der samanhengen mellom psykiske, sosiale og somatiske ressursar og vanskar er viktig. I dette målet ligg det at kunnskapsbidraga frå gruppa skal ha klar relevans og nytte for helsetenester og personar som bruker helsetenester. PERSONFORSK er ei svært aktivt forskingsgruppe med prisvinnande forskarar og ei rekke større pågåande forskingsprosjekt. 

Den som blir tilsett vil få ta del i eit spanande og sterkt fagmiljø med forskarar både frå Noreg og utlandet. 

Det kan bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til et aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, campus Førde eller Sogndal i tilsettingsperioden, og at pliktarbeidet vert utført ved HVL.

Stillinga er delfinansiert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. 

Det er ønskeleg med rask tiltredelse.

Ansvars- og arbeidsområde:

PhD-stipendiaten skal arbeide med prosjektet «Målepresisjon i sjølvrapporterte helsedata: Longitudinell studie av psykometriske eigenskapar og presisjon». Det overordna målet med dette prosjektet er å forbetre psykisk helsevern ved å forske på presisjon og tolkingsevna til vanlege psykometriske verktøy.

Prosjektet har som mål å forbetre presisjonen i sjølvrapporterte helsedata for psykisk helsevern ved bruk av Norse Feedback (NF), eit digitalt verktøy for målingsbasert behandling (MBC). Prosjektet vil inngå i arbeid med større datasett i allereie finansierte forskingsprosjekt i PERSONFORSK, og den som vert tilsett vil utvikle state-of-the-art kompetanse på helsestatistikk og dataanalyse. Studien fokuserer på å auke tolkingsevna og presisjonen i NF-skårar ved å utvikle normalområde og kliniske tersklar for ulike psykiske helsetilstandar. 

Dei spesifikke forskingsspørsmåla inkluderer mellom anna: 1) Korleis presterer NF i både ei frisk og ei klinisk norsk gruppe? 2) Korleis kan vi utvikle normal- og kliniske skårar som auka tolkingsevna til NF i offentleg helsevesen? 3) Kor stor endring er nødvendig for at pasientar opplever klinisk meiningsfull forbetring? 

Gjennom tre empiriske studiar med ulike datasett vil prosjektet bidra til å forbetre målingsbasert praksis og støtte utviklinga av persontilpassa, datadrivne helsetenester både regionalt og internasjonalt. Etter tilsetting vil kandidaten saman med rettleiar utarbeide ein detaljert plan for prosjektet og forskarutdanninga som skal knytast til opptak ved ph.d.- utdanninga «Helse, funksjon og deltaking ved HVL. 

Endeleg plan for doktorgradsutdanninga skal vere godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter tiltreding.

Interesserte søkarar skal ta kontakt med prosjektleiar professor Christian Moltu for å få tilsendt førebels prosjektplan.  

 

Kvalifikasjonskrav:

Krav til stillinga:

  • Relevant mastergrad innan helsefag eller andre fagområde som er relevante for arbeidsoppgåvene i prosjektet. 
  • Normalt karakter B eller betre  på masteroppgåva og gjennomsnittskarakteren for studiedelen skal normalt vere B eller betre. 
  • Personen som blir tilsett må dekke krava til opptak til Ph.d. programmet «Helse, funksjon og deltaking». https://www.hvl.no/studier/studieprogram/helse-funksjon-og-deltaking/
  • Søkar må ha gode ferdigheiter i engelsk, skriftleg og munnleg. 

 

Skal leggjast ved søknaden

  • Søkjar må legge ved eit refleksjonsbrev på inntil 2 sider om motivasjon til å gjennomføre ei ph.d.-utdanning med tankar og perspektiv om prosjektet relatert til tematikk og metodisk tilnærming. 
  • Masteroppgåva
  • Inntil 5 vitskaplege publikasjonar søkjar vil ha vurdert 
  • Vitnemål og attestar
  • Komplett publikasjonsliste

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring med prosjektarbeid, formidling og rettleiing
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga
  • Faglege kvalifikasjonar innan temaområdet i prosjektet
  • Relevant metodekompetanse

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God evne til å arbeide effektivt og systematisk
  • Evne til å ta initiativ og ansvar
  • Trivast med å arbeide i tverrfagleg team
  • Evne til nytenking og gjennomføring
  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig bidra til fellesskapet i fagmiljøet generelt og i forskingsgruppa spesielt.
  • Høgt etisk medvit i forskingsarbeidet

 

 Korleis søke på stillinga 

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • masteroppgåve/hovudfagsoppgåve
  • inntil fem vitskaplege arbeid ein ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • refleksjonsbrev
  • attestar og vitnemål

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må desse komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. Med grunnlag i komiteen si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er tilsettingsorgan.

Søknadane blir sendt elektronisk til den sakkunnige komitéen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter ei eventuell tilsetjing. Ein skal normalt søkje om opptak til ph.d.-utdanning innan tre (3) månader etter oppstart. Jf. Forskrift for graden ph.d. ved HVL § 2-4. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga er løna i stillingskode 1017/ 1378 – Stipendiat, lønssteg 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn,  nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Høgskolen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Kontaktpersonar for stillinga er:

1) Professor Christian Moltu

christian.moltu@helse-forde.no

2) Professor John Roger Andersen

john.andersen@hvl.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen på Vestlandet orgnr: 874652032
Kort om arbeidsgiver Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem kampus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.
HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga «Helse, funksjon og deltaking». I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: «Innovasjon i offentleg sektor» i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Webside http://www.hvl.no
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 1 Postnr: 6803)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0c52958e-ba6f-47c4-8c00-9d2bb894d52d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271430