Stipendiatstilling i arkeologi – Universitetet i Bergen

Education Universitet og hoyskole

(22 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 20. november 2024
  •  Expire date: 15. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 20-11-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Stipendiatstilling i arkeologi

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i arkeologi

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet: https://www.uib.no/universitetsmuseet

Forskingsseksjonen er ei eining under Avdeling for kulturhistorie. Avdelinga har 29 fast tilsette (14 vitskapelege stillingar, 15 tekniske/administrative stillingar). I tillegg kjem eit varierande tal mellombels tilsette, inklusive 4 stipendiatstillingar på åremål.

Ved Forskingsseksjonen, Avdeling for Kulturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig ein Ph.d. stipendiatstilling med tiltreding så snart som mogleg. Frist for søkjarane er 15. januar 2025. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år som inkluderer 25 % pliktarbeid.

Universitetsmuseet i Bergen har forvaltningsansvar for arkeologiske funn og bergkunstdokumentasjon frå Sunnmøre og Vestland fylke. Museet sine arkeologiske samlingar består av gjenstandar frå dei første steinaldermenneska busette seg langs vestlandskysten fram til og med mellomalderen då Bergen var blitt ein av dei største internasjonale handelsbyane i Norden. Mellom desse to ytterpunkta i tid kastar desse kjeldene lys over kulturell, teknologisk og samfunnsmessig utvikling gjennom fleire tusen år, med Vestlandets mangfaldige landskap som arena. I tillegg til gjenstandsmateriale inneheld samlingane eit stort arkiv- og fotomateriale med dokumentasjon frå arkeologiske undersøkingar utført gjennom dei siste 150 åra.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Det er ein føresetnad at søkjaren sjølv definerer sitt prosjekt innafor arkeologifaget der Universitetsmuseet sine arkeologiske samlingar skal brukast. Prosjektet vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen ved Forskingsseksjonen. Sjå heimesider for oversikt over potensielle rettleiarar og forskingsområde: https://www.uib.no/kulturhistorie/73639/forskningsseksjonen 

Hovudrettleiar vil vere fast tilsett arkeolog ved Forskingsseksjonen. Søkjarar må ha etablert kontakt med ein rettleiar før ein søkjer på stillinga, og søknaden skal innehalde ei stadfesting frå denne rettleiaren. Rettleiar sitt namn skal komme tydeleg fram av søknaden.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad i arkeologi eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-Dir – Vilkår for generell godkjenning av utenlandsk høyere utdanning | HK-dir (hkdir.no).  Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut
  • Søkjaren må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må beherske eit skandinavisk språk og engelsk godt både munnleg og skriftleg
  • Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB kan ikkje søkje

Ved vurdering av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet: 
Ph.d.-utdanning ved Det humanistiske fakultet | Det humanistiske fakultet | UiB

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:
Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for
sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. 
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til musealt arbeid, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med rettleiar og instituttleiar ved tilsetjing.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Forskingsseksjonen, Avdeling for Kulturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:
Stipendiatar skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år, som mellom anna inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og ein midtvegsevaluering halvvegs i stipendiatperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr. 540 500 brutto per år i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje
    stillinga (inntil 1 side)
  • Prosjektomtale på inntil 5 sider, ikkje medrekna litteraturliste. Prosjektomtalen skal
    innehalde:
    • Eit kort samandrag (abstract) som skisserer prosjektet.
    • Korleis vil prosjektet tilføre ny kunnskap innan forskingsfeltet?
    • Ein omtale av relevant forskingskontekst
    • Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar
    • Forslag til teoretisk tilnærming, materiale og metodologi
    • Ein godt utarbeidd framdriftsplan for prosjektet
    • Litteraturliste

Vedlegg:

  • Stadfesting frå hovudrettleiar for doktorgradsprosjektet, som er fast tilsett arkeolog ved Forskingsseksjonen, Avdeling for kulturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere
    hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider). Dersom hovudfags-/mastergraden ikkje er frå eit norsk universitet, kan du bli beden om å senda inn heile oppgåva
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad som viser at du har relevant utdanning. Vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk
  • Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar
  • Relevante attester og sertifikat

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastas opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Björn Nilsson, tlf. +47 412 46 913, e-post: bjorn.nilsson@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her 

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/390e9b1d-ceb5-4c56-8020-ee97bfb9c70b
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271185