Stillingsbeskrivelse
Published 13-03-2025
Deadline: 06-04-2025
Stipendiat i kjemi – marin naturstoffkjemi
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Stipendiat i kjemi
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kjemi med spesialisering innan marin naturstoffkjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til gruppa ‘Bioressurser og farmasøytisk kjemi’, som er éi av fire forskingsgrupper ved Kjemisk institutt.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Forskingsarbeidet vil være knytt til ekstraksjon, isolering og karakterisering av naturstoff frå marin biomasse, og PhD prosjektet vil være knytt til eit pågåande forskingsprosjekt. Utforskinga vil være på molekylært nivå med utstrekt bruk av analytisk instrumentale metodar som analytisk og preparative HPLC, høgfelt kjernemagnetisk resonansspektroskop (NMR) og massespektrometri (MS). Prosjektet krev derfor ein kandidat som har høge ferdigheiter i og interesse av analytisk laboratoriearbeid. Det er forventa at kandidaten vil bidra til rettleiing av bachelor og masterstudentar og delta aktivt i akademiske aktivitetar innanfor gruppa og ved Kjemisk institutt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.06.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Praktisk og omfattande lab erfaring i samband med masterprosjektet er eit krav.
- Erfaring frå ekstraksjon- og isolasjonsarbeid av naturstoff, inkludert full strukturoppklaring ved bruk av 2D NMR data er eit krav.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
- Erfaring frå isolasjon og karakterisering av naturstoff frå marin biomasse er ein fordel.
- Erfaring med MS/MS og ‘molecular networks’ er ein fordel.
- Det er ein fordel med gode norskkunnskapar for å delta i undervisninga.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Omstillinga som ph.d. stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervising, og avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
- eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til
professor Monica Jordheim, e-post: monica.jordheim@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Anna Folgerø, e-post: anna.folgero@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | IT |
Yrke | Utvikling |
Sted | BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020) |
Stillingstype | Åremål Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-04-2025 |