Stipendiat i hydrogentryggleik: Simulering av hydrogeneksplosjonar i komplekse geometriar – Universitetet i Bergen
Education Universitet og hoyskole(4 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 31-01-2025
Stipendiat i hydrogentryggleik: Simulering av hydrogeneksplosjonar i komplekse geometriar
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Ph.d.-stipendiat i hydrogentryggleik: Simulering av hydrogeneksplosjonar i komplekse geometriar
Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i hydrogentryggleik. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire (4) år, der eitt (1) år består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning og formidling av resultat frå forskingsverksemda. Ønska startdato er innan august 2025. Vi ynskjer søkjarar med variert bakgrunn, nyutdanna så vel som folk med relevant erfaring frå industri.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til gruppa for Energi- og Prosesstryggleik, og er finansiert av Fakultet for naturvitskap og teknologi som del av eigeninnsatsen frå Universitetet i Bergen (UiB) til forskarskulen HySchool (www.hyschool.no).
Målet med doktorgradsprosjektet er å forbetre modellane for turbulent forblanda forbrenning i komplekse geometriar i PDRFOAM, ein open programvare for numeriske fluiddynamikkberekningar (CFD). Forskingsaktivitetane vil omfatte implementering av modellar i kjeldekoda (C++) og validering mot publiserte resultat frå eksperiment eller detaljerte simuleringar (t.d. storevjesimulering, LES). Arbeidet vil bli gjennomført i samarbeid med andre prosjekt på hydrogentryggleik ved instituttet.
Stillinga gir ei unik moglegheit til fagleg fordjuping og personleg utvikling, samtidig som ein bidreg til å finne praktiske løysingar for energiomstillinga i samfunnet.
Kunnskapen og kompetansen som kandidaten tileignar seg gjennom arbeidet med doktorgradsprosjektet vil vere svært relevant for den globale energiomstillinga, og dermed arbeidsmarknaden. Relevante arbeidsoppgåver inkluderer programvareutvikling, ingeniør- eller konsulentarbeid for energi- eller prosessindustrien, eller akademia.
Det karrierefremmande arbeidet kan innebere undervisning eller rettleiing av master-studentar, og i tillegg ymse aktivitetar knytt til HySchool.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i anvendt fysikk eller matematikk eller eit relevant ingeniørfag (t.d. maskin, luftfart, kjemiteknikk, eller prosesstryggleik), eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Dokumentert erfaring frå numerisk modellering og simulering av tredimensjonal turbulent strøyming med kjemiske reaksjonar er eit krav.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
- Gode norskkunnskapar er ein fordel for å kunne delta i undervising.
Erfaring frå ein eller fleire av følgjande område er ein fordel:
- Utvikling av algoritmar for numerisk strøymingsberekning (CFD, t.d. OpenFOAM).
- Programmering i C++, Fortran, eller liknande.
- Skripting i MATLAB eller Python.
- Modellering av turbulent strøyming (RANS eller LES) og forbrenning.
- Erfaring med verktøy for simulering av kjemisk kinetikk, t.d. CANTERA eller CHEMKIN.
- Kunnskap og erfaring frå høyytelsesberekningar.
- Erfaring frå kompressibel strøyming eller anvendt aerodynamikk.
- Erfaring frå dataanalyse og tolking av større datamengder.
- Kunnskap og erfaring frå utvikling og bruk av CFD-kodar.
- Eksperimentelle undersøkingar av flammeakselerasjon og detonasjon.
- Risikoanalyse og risikostyring i prosessindustrien.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 12 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stillinga er for ein åremålsperiode på fire (4) år, der eitt (1) år er karrierefremmande arbeid knytt til undervisning og formidling av resultat frå forskingsverksemda.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei utgreiing på engelsk, minimum 2 og maksimum 4 sider, om dine forskingsinteresser og motivasjonen din for å søkje stillinga. Utgreiinga må svare eksplisitt på kvart kvalifikasjonskrav som er lista ovanfor, med forklaring av korleis du tilfredsstiller dei. Teksten skal òg adressere lista med «fordelar» som tel som fordelar i rangeringa av kandidatane. Dette vedlegget skal bli lasta opp som ei eiga PDF-fil med overskrifta ‘Motivational Letter’.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- Relevante attestar.
- Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet).
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Trygve Skjold, trygve.skjold@uib.no, eller postdoktor Helene Hisken, helene.hisken@uib.no, ved Institutt for fysikk og teknologi.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: 974799154 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Universitet og høyskole |
Sted | BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020) |
Stillingstype | Åremål Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |