Stipendiat i aldersmedisin, innovasjon og teknologi – Universitetet i Bergen

Construction Andre ingeniorer

(1 dag siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 9. oktober 2024
  •  Expire date: 31. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 09-10-2024
Deadline: 31-10-2024

 

Stipendiat i aldersmedisin, innovasjon og teknologi

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet «DIGI.PARK ”, og er finansiert av Unifob og GC Rieber Fondene. Prosjektet er basert på tett samarbeid med Neuro-SysMed, Senter for klinisk behandling av nevrologiske sykdommer, Haukeland universitetssykehus. 

DIGI.PARK er eit pågåande forskingsprosjekt med overordna mål om å utvikle nye metodar og kunnskap for å kvantifisere og overvake motoriske symptom ved Parkinsons sjukdom. Prosjektet er utvikla gjennom brukarinvolvering i alle fasar for å sikre resultat med høg klinisk relevans. Deltakarar er heimebuande personar med Parkinsons sjukdom som bidreg med data frå sensorbasert teknologi i tillegg til tradisjonell klinisk kartlegging og oppfølging i samarbeid med poliklinikk ved Neuro-SysMed. DIGI.PARK er eit delprosjekt under paraplyen AktivAldring. 

Meir informasjon om DIGI.PARK og Aktiv Aldring finst her: https://www.uib.no/sefas/146808/skal-dokumentere-fordelen-av-et-aktivt-liv 

DIGI.PARK inngår i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe ved SEFAS, og prosjektgruppa består per i dag av to stipendiatar og to postdoktorar. Alle er tilsett ved SEFAS og deltek i Neuro-SysMed sitt forskingsnettverk med erfaring og ekspertise på komplekse helseintervensjonar hos heimebuande eldre og personar med demens og Parkinsons sjukdom. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer til å publiserast i fagfellevurderte internasjonale vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Som hovudoppgåve skal stipendiaten ha ansvar for å utvikle metodar for å overvake symptom på Parkinsons sjukdom som ein del av DIGI.PARK der heimebuande personar skal kartleggast over tid ved hjelp av sensorregistrering (kombinasjon av bærbare og stasjonære sensorar, med aktiv og passiv registrering). 

Stipendiaten har ansvar for datainnsamling til DIGI.PARK i samarbeid med to andre stipendiatar og to postdoktorar. Dette kan være oppgåver som å følgje opp deltakarar, installere og implementere intervensjonen, og følgje opp datainnsamling. 

Stipendiaten skal også behandle og analysere datasettet i samarbeid med kompetansegrupper ved Neuro-SysMed og Universitetet i Bergen. Desse oppgåvene inkluderer: signalbehandling frå bærbare einingar (f.eks. filtrering og fjerning av støy), estimering og validering av indikatorar for motoriske symptom (t.d. tremor, bradykinesi, dyskinesi).

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkeren må ha en mastergrad eller tilsvarende innen feltet et helse relevant fag for eksempel medisin, sjukepleie, fysioterapi, ernæring, farmakologi., eller et relatert fagområde, eller må være i ferd med å fullføre masterstudiene med planlagt eksamensdato før oppgitt tiltredelsesdato for stillingen. Det er en betingelse for ansettelse at mastergraden er fullført og eksamen bestått (minimum karakter C ved bokstavkarakterer). Det blir ikke gitt utsettelse på tiltredelse i stillingen pga forsinkelser i fullføring av mastergrad. 
  • Evner innan programmering, kunnskap om algoritmar eller numeriske metodar er en fordel men ikkje krav 
  • Det telle positivt om kandidaten har basiskunnskap om signalprosessering og biomekanikk men det er ikkje krav 
  • I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt 
  • Flytande skandinavisk språk (munnleg og skriftleg; norsk, dansk eller svensk) og god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav 
  • For helsepersonell må norsk autorisasjon føreligga før oppstart

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HKdir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | 

UiB Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-tilengelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

Forskarutdanning (Ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga 
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar 
  • Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din 
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar 
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til 
  • Eventuelle publikasjonar (pdf) 
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Bettina Husebø, e-post: bettina.husebo@uib.no; mobil +47 48094660 UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.    

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BERGEN (Adresse: Årstadveien 17 Postnr: 5018)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8958b5c5-f395-42c7-878b-87cffdc072fc
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269266