Stilling som økonomimedarbeidar – Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Kontor og økonomi Bank finans forsikring

(6 timer siden)

  • SKJÅK
  •  Lagt til dato: 22. oktober 2024
  •  Expire date: 4. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 22-10-2024
Deadline: 04-11-2024

 

Stilling som økonomimedarbeidar

Skjåk kommune søkjer etter ein dyktig og engasjert økonomimedarbeidar som kan vere med å styrke vår økonomiavdeling.

Kommunen har eit solid økonomisk fundament, og vi står ovanfor store og interessante oppgåver. Skjåk kommune er i ein omstillingsprosess der vi tar i bruk nye digitale verktøy for å modernisere og effektivisere arbeidsprosessane våre. Som rådgjevar i økonomiavdelinga vil du få ei sentral rolle i denne utviklinga. Til stillinga ligg og hovudansvaret med å følgje opp internkontrollen i kommunen.

Vi søkjer deg som er sjølvstendig og systematisk med en positiv haldning til omstillingsprosessar. Vi ser etter ein kandidat med økonomisk utdanning på bachelornivå eller høgare, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Det er viktig at du har god systemforståing og solide digitale ferdigheiter. Erfaring frå økonomiarbeid i offentleg sektor vil vere ein fordel, men ikkje eit krav. I tillegg må du ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk. Kommunen nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.

Aktuelle ansvarsområde og oppgåver

  • Budsjettoppfølging og økonomirapportering.

  • Internkontroll

  • Rådgjeving til tenestene

  • Oppgåver knytt til kraftforvaltning

  • Arbeid med analyse og rapportering

  • Oppfølging og innføring av digitale styringsverktøy

  • Andre oppgåver knytt til rekneskap og løn i kommunen kan bli lagt til stillinga

Det kan bli endringar i ansvarsområde og hovudoppgåver grunna endringar i krav og behov.

Vi vektlegg at du

  • Er initiativrik og arbeider sjølvstendig og strukturert

  • Har gode analytiske eigenskapar

  • Framstiller informasjon på ein systematisk måte som er lett å forstå

  • Er positiv til endringar og nye digitale løysingar

  • Kommuniserer og samarbeider godt

  • Bidreg til samhandling på tvers av kommunen sine tenesteområde

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Ein dynamisk organisasjon med kompetente medarbeidarar

  • Tilsetting på kommunale vilkår med konkurransedyktig løn

  • God pensjonsordning

Skjåk kommune har ei ordning med prøvebustadar .

Spørsmål om stillinga kan rettast til økonomisjef Ida Byre, mobil 99 58 60 32

Søknadsfrist 04. november 2024

  • Elektronisk søknadsskjema

  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.

Kommunedirektøren

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skjåk Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974595532
Kort om arbeidsgiver

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

Webside https://www.skjaak.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Bank finans forsikring
Sted SKJÅK (Adresse: Moavegen 30 Postnr: 2690)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 04-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/296d4457-a9a3-4698-a64b-1edd5ddbeed5
Stillingsregistrering