Stilling i barnehage ved Svelgen oppvekst – Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune
Education Barnehagelaerer(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 24-11-2024
Deadline: 15-12-2024
Stilling i barnehage ved Svelgen oppvekst
Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Svelgen barnehage har 3 avdelingar med born i alderen 2 – 6 år. Langeneset barnehage har 2 avdelingar med born i alderen 1 – 3 år. Både barnehagane og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagane arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.
Frå snarast har vi ledig to faste stillingar i våre barnehagar i Svelgen. Primært barnehagelærar/førskulelærar. Vernepleiar, barne- og ungdomsarbeidar eller andre med kompetanse og erfaring med arbeid med barn og unge oppmodast òg om å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen
- I samarbeid med pedagogisk leiar ha eit fagleg ansvar for ei barnegruppe og oppfølging av barn med spesielle behov
- Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:
- Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning. Eventuelt vernepleiar, barne- og ungdomsarbeidar eller andre med kompetanse og erfaring oppmodast om å søkje
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
- Du trivast med, og har helse til å vere ute i all slags ver
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no – Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år.
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg
Kontaktinformasjon
Ingrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321
Arbeidsstad
Gunnar Scheldrups veg 31
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4889592568
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
|
Webside | http://bremanger.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehagelærer |
Sted | SVELGEN (Adresse: Gunnar Scheldrups veg 31 Postnr: 6723) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-12-2024 |