Stella Maris – Vestnes kommune Helsehuset Stella Maris

Natur og miljø Naturvitenskapelige yrker

(18 timer siden)

  • VESTNES
  •  Lagt til dato: 26. november 2024
  •  Expire date: 16. mars 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 26-11-2024
Deadline: 16-03-2025

 

Stella Maris

Stella Maris søkjer etter ferievikarar for perioden 16.06.25 – 24.08.25. Ferievikariat på Stella Maris har ulik turnusordningar. 

Vi søkjer:
– sjukepleiar/vernepleiar og andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial, eller pedagogiske fag
– helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar

Ufaglærte og studentar er også velkommen til å søkje

Du må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/B2. Må ha gode kommunikasjonsevne.

For arbeid innan helse- og omsorg er normalaldersgrensa 18 år, men vi oppmoder dei som fyller 17 år før ferieperioden tek til om å søkje. 

Aktuelle tenestestadar tilknytt Helsehuset Stella Maris er
2 langtidsavdelingar
1 korttidsavdeling
 
Arbeidsoppgåver:
– ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
– utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk
– ivareta krav i høve dokumentasjon
 
Vi tilbyr
– godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
– løn etter gjeldande avtaleverk
– vi har rekrutteringsløn til legestudentar og høgskulestudentar innan helse- og sosialfag, fysioterapeut og pedagogiske fag når dei går inn i stillingar/vikariat med arbeidsområde innan helse- og omsorg.
– gode pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. Du må presisere kva ferieperiode du ønskjer å arbeide . Søkjarar som kan arbeide heile ferieperioden og heiltid kan bli prioritert. 
 
Om du har søkt eller skal søkje ferievikariat i andre einingar i kommunen er det ønskeleg at dette opplysast i prioritert rekkefølge.
 
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
 
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor leverast.
 
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.
 
 
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje
 
 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestnes kommune Helsehuset Stella Maris orgnr:
Kort om arbeidsgiver Stella Maris ligg i Vestnes sentrum nær bussknutepunkt. Vi har 64 institusjonsplasser fordelt på 3 avdelingar – Ei korttidsavdeling med 16 plassar og to langtidsavdelingar med 24 plassar i kvar.

Helsehuset Stella Maris er eit heilt nytt bygg som vi tok i bruk april 2021. Her finn du både legesenter, heimeteneste, tenestekontor, bibliotek, frivilligsentral, kafe og institusjonsplassar. Omsorgsdelen er rusta for framtida, med godt utbygd og installert velferdsteknologi.

Webside
Bransje Natur og miljø
Yrke Naturvitenskapelige yrker
Sted VESTNES (Adresse: Brugata 6 Postnr: 6390)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 30
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/efaf6ac5-8bd6-4670-9790-95ef2f90235f
IMPORTAPI