Spildepollen skule – Øygarden kommune Spildepollen skule

Education Grunnskole

(3 uker siden)

  • GLESVÆR
  •  Lagt til dato: 24. oktober 2024
  •  Expire date: 24. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 24-10-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Spildepollen skule

Om avdelinga:

Spildepollen skule har eit ledig vikariat for lærar i permisjon frå 01.01.25 til 31.07.25.

Spildepollen skule er ein moderne 1 – 7-skule med flotte læringsareal og spektakulære uteområde. Skulen sine satsingsområde er elevmedverknad, elevaktivitet og leik, uteskule og De Utrolige Årene. Skulen har 200 elevar og 32 tilsette.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning på mellomsteget, samt for- og etterarbeid
  • Spesialpedagogisk tilrettelegging for einskildelevar og elevgrupper
  • Samarbeid med lærarar og utviklingsarbeid
  • Samarbeid med andre instansar, t.d. PPT
  • Tilsyn i friminutt

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Godkjent lærarutdanning for mellomsteget

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med undervisning frå barneskulen
  • Spesialpedagogisk erfaring og/eller utdanning

Personlege eigenskapar:

  • Ein tydleg, raus og trygg klasseleiar
  • God relasjonskompetanse
  • God samarbeidskompetanse

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål til stillinga.

Linda Selheim, rektor

Linda.selheim@oygarden.kommune.no

Tlf.: 90241258

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Spildepollen skule orgnr: 922802742
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted GLESVÆR (Adresse: Grasbakken 100 Postnr: 5381)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ac88c8e1-afb9-481b-88bd-9d864195eab3
IMPORTAPI