Stillingsbeskrivelse

Published 24-03-2025
Deadline: 13-04-2025

Spesialvernepleiar

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
Opplæring av pasientar og pårørande
Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Vi søker nå etter ein engasjert og erfaren spesialvernepleiar til 100% fast stilling som ønsker å jobbe i psykosepoliklinikken/FACT og vere med på å utvikle vårt behandlingstilbod til pasientar med psykose og ruslidingar.

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT.

Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har totalt ca. 200 pasientar i behandling, og er lokalisert på Tertnes og i Knarvik/Helsehuset.

Målgruppa er menneske med samansette vanskar med psykose og ruslidingar. Mange av dem har behov for langvarig oppfølging, samansette og koordinerte tenester. Vi har mykje samarbeid med kommunehelsetenesta i dei enkelte pasientforløp. 

Arbeidsoppgåvene er mellom anna oppfølging og behandling av pasientar i tverrfagleg team, utarbeide og følge opp behandlingsplanar, legemiddelhandtering, oppfølging av tvungen psykisk helsevern saman med spesialistane, samarbeide med andre tenester i spesialisthelseteneste, kommune. Vi tilstreber å utvikle og tilby eit godt og heilskapleg behandlingstilbod for målgruppa. 

Arbeidsoppgåver

  • Ambulant og poliklinisk oppfølging og behandling av pasientar 
  • Tverrfagleg arbeid i team/ FACT modell
  • Samarbeid med andre i spesialisthelsetenesta og ulike kommunale tenester
  • Medisinering /legemiddelhandtering inkl depot
  • Oppfølging av pasientar på tvungen psykisk helsevern

Kvalifikasjonar

  • Bør ha relevant erfaring, kunnskap og praksis både frå psykisk helsearbeid i kommune og spesialisthelseteneste
  • Norsk autorisasjon og vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarande relevant vidareutdanning
  • Ønskeleg med erfaring frå  oppsøkande/ambulant arbeid
  • Ønskeleg med erfaring i forhold til psykose og ruslidingar 

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
  • Du er tolmodig, nysgjerrig og uthaldande i forhold til krevande og komplekse saker
  • Du ønsker å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Du har auge for det beste for dei rundt, og bidrar til eit godt fagleg felleskap

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling gjennom varierande arbeidsoppgåver og opplæring
  • Felles rettleiing i team, og rom for etisk refleksjon
  • Arbeid på dagtid

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, 90980134

Arbeidsstad

Tertnesveien 37
5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4942292117
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørgvin distriktspsykiatriske senter / Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted TERTNES (Adresse: Tertnesveien 37 Postnr: 5113)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7290b857-3daf-4fc3-b620-4d69f281aee3
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31