Spesialsjukepleiar/sjukepleiar – Akuttmottak Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Sykepleier

(2 uker siden)

  • VOLDA
  •  Lagt til dato: 19. desember 2024
  •  Expire date: 12. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Vi har ledig 75% fast stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar!

Ynskjer du å jobbe i ei spennande avdeling med høgt tempo, høgt fagleg fokus og tverrfagleg samarbeid? Då oppfordrar vi deg å søkje på stillinga hjå oss i Akuttmottaket på Volda sjukehus. Oppstart frå 01.02.2025, eller etter nærmare avtale.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Ivaretaking av akutt og kritisk sjuke pasientar og deira pårørande
  • Tett samarbeid i tverrfaglege team
  • Sjølvstendig utføring av arbeid som sjukepleiar
  • Halde deg fagleg oppdatert i avdelinga sin kompetanse- og læringsportal

Kvalifikasjonar

  •  Du har godkjent autorisasjon som spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er fleksibel, løysningsorientert og sjølvstendig
  • Du er endringsvillig og har evne til å motivere dine kollegaer
  • Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Du er systematisk og har gode arbeidsrutiner
  • Du har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Hedvig Tone Høydalsvik, Seksjonsleiar, 70058686, hedvig.tone.hoydalsvik@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4892672435
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Akuttmottak Volda, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747545
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6103)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1cbf7b54-db3c-4b8a-b5b2-b5860c23f33d
IMPORTAPI