Spesialpedagog – ledige stillingar i spesialpedagogisk team – Giske kommune

Education Instruktorer og pedagoger

(2 dager siden)

  • VALDERØYA
  •  Lagt til dato: 14. oktober 2024
  •  Expire date: 31. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 14-10-2024
Deadline: 31-10-2024

 

Spesialpedagog – ledige stillingar i spesialpedagogisk team

Giske kommune søkjer dyktige spesialpedagogar til spesialpedagogisk team frå snarast. Vi har ledig 2 x 100 % stillingar, der den eine er fast og den andre er eit vikariat i eitt år, men kan bli fast. Oppgi i søknaden om du er aktuell for begge stillingane, eller eventuelt kva for ei av stillingane du søkjer.

Stillingane inneber arbeidet som spesialpedagog for barn med og utan vedtak i barnehagar, og vi ser etter deg som brenn for å skape eit inkluderande barnehagetilbod for alle barn og som ser samanhengen mellom allmennpedagogikk og spesialpedagogikk.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest.

Den som blir tilsett må kunne disponere eigen bil.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Gi spesialpedagogisk hjelp til barn med særskilde behov og til barn som treng intensive tiltak utan vedtak, samt å støtte barnehagane i systemarbeid.
  • Vere medspelar i utarbeiding, gjennomføring og evaluering av individuelle opplæringsplanar.
  • Bidra til utvikling av gode samspelsprosessar og gode læringsmiljø i barnehagane og i spes.ped.teamet. 
  • Samarbeide i laget rundt barnet for å sikre heilskapleg oppfølging.
  • Gi råd og rettleiing til føresette og tilsette i barnehagen.
  • Birdra i organisasjonsutvikling i inkluderande praksis, førebygging og tidleg tiltak.

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærar med spesialpedagogisk kompetanse. Ved relevant erfaring kan anna relevant utdanning også vurderast.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage
  • Erfaring med rettleiing
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse
  • Sertifikat for bil
  • I tillegg er det ønskjeleg med:
  • Erfaring i arbeid med barn innan autismespekteret
  • Observasjon og kartlegging, og gjerne kompetanse i bruk av ulike former for ask.

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og trygg i rolla som fagperson
  • God til å bygge trygge relasjonar og skape tillit hos barn og vaksne
  • Samarbeider og jobbar godt i team
  • Er sjølvstendig og strukturert
  • Likar utfordringar og taklar endringar
  • Takler hektiske kvardagar og mange samtidige oppgåver

Vi tilbyr

  • Eit positivt og utviklande fagmiljø
  • Erfarne og engasjerte kollegaer
  • Tett samarbeid med ppt, barnehagar og tidvis 1. klasse i skule
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

 

Kontaktinformasjon

Marie Isaksen, avdelingsleiar PPT, 92803764

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4867939834
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 31.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Giske kommune orgnr: 983836836
Kort om arbeidsgiver

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Webside http://www.giske.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Instruktører og pedagoger
Sted VALDERØYA (Adresse: Valderhaug 4 Postnr: 6050)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f328a037-55cb-4a7f-9a56-f47e699c3ecd
IMPORTAPI