Spesialkonsulent – Bømlo kommune
Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling(20 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 27-10-2024
Deadline: 10-11-2024
Spesialkonsulent
Har du interesse for samspelet mellom administrasjon og politikk?
Fellessekretariatet er ein avdeling under fellestenester som mellom anna arbeider med saksbehandling, arkivtenester, innbyggjarservice, møtesekretær for politiske råd og utval, planlegging og gjennomføring av val.
Stillinga går inn i eit team som deler på ulike oppgåver. Du skal mellom anna gi råd innan relevant lovverk. Du må skrive politiske saker og utgreiingar. Du skal delta i planlegging og gjennomføring av stortings-, kommunestyre- og fylkestingsval. Du vil vera ein av våre politiske møtesekretærar, og det kan vera periodar der ein må rekne med arbeid utover normal arbeidstid på ettermiddag/kveld i samband med politiske møter, arrangement og gjennomføring av val.
Utover dette vil du delta i avdelinga sine daglege driftsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Administrative oppgåver knytt til fellessekretariatet
- Betening av sentralbord og førespurnad frå innbyggjarar
- Møtesekretærfunksjon for politiske råd/utval, her under tilrettelegging av møter og sakspapir før og etter
- Oppfølging av oppgåver som ligg til avdelinga, til dømes oppfølging av alkoholpolitiske retningsliner, vigsel, parkeringsløyve for rørslehemma eller bustønad
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets- og høgskuleutdanning, gjernen innan administrative disiplinar eller jus, minimum bachelor
- God digital kompetanse
- Erfaring med system for sak og arkiv er ønskeleg (Bømlo kommune nyttar Elements)
- Relevant erfaring er eit føremon, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Du jobbar effektivt både saman med andre og aleine
- Du har interesser for offentleg forvaltning
- Du legg vekt på service og ser kva som trengs for å løysa ulike oppgåver
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Vanja Espeland.
Kontaktinformasjon
Vanja Espeland, Personalsjef, +47 480 17 825
Arbeidsstad
Leirdalen 1
5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4876353525
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bømlo kommune orgnr: 929078683 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Berekraftige Bømlo er vår visjon! Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar. Pensjon Forsikring |
Webside | http://www.bomlo.kommune.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | BREMNES (Adresse: Leirdalen 1 Postnr: 5430) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 10-11-2024 |