Stillingsbeskrivelse
Published 20-11-2024
Deadline: 13-12-2024
Spesialist i allmennmedisin / ALIS
Om stillinga
Aurland kommune har ledig 75 % stilling som fastlege ved etablert legekontor. Me kan tilby tilpassa arbeidstidsordning, der lege har vekselvise arbeidsbolkar med fire veker på, og fire veker arbeidsfri, og ubunden administrasjonstid. Me ynskjer fortrinnsvis spesialist i allmennmedisin, men lege under spesialisering (ALIS) kan også søke.
Stillinga er knytt til Aurland legekontor som i dag har tre legar som jobbar i alternativ arbeidstidsordning, LIS1 og kommuneoverlege. Kontoret er godt bemanna med ein helsesekretær, ein fagarbeidar og ein sjukepleiarar.
Me nyttar journalsystemet Infodoc. Legekontoret er lokalisert i Fjordsenteret, og ligg fint til ved Aurlandsfjorden. Som lege hjå oss får du ta del i, og bidra til, utvikling av legetenesta og samhandlinga internt i kommunen. Som legespesialist vil du ha ansvar for rettleiingsoppgåver, og spanande utviklingsoppgåver.
Arbeids- og ansvarsområde
- Listetak etter avtale
- Det er knytta allmennmedisinske offentlege oppgåver til stillinga, som sjukeheim eller helsestasjon
- Deltaking i interkommunalt 12 – delt legevakt for kommunane Aurland, Årdal og Lærdal, totalt ca 9500 innbyggjarar, samlokalisert med legevaktsentral og KAD ved Lærdal sjukehus. Vaktordning med fast løn etter lokal avtale og fri etter vakt.
- Legespesialist vil bidra med rettleiingsoppgåver
Me tilbyr
- Fri med løn til kurs inntil 4 veker pr. år. Kommunen dekker kursutgifter som ikkje blir dekka av utdanningsfond II
- Fokus på fagutvikling, med internundervisning kvar veke
- ALIS vil få tildelt rettleiar, og me vil saman utarbeide og fylgje opp utdanningsplanen din. Rettleiing og supervisjon vil skje ved Aurland legekontor
- Kultur for ad-hoc rådgiving på heile legekontoret
- Samlokalisering og godt samarbeid med andre kommunale helsetenester
- Tilbod om tilpassa arbeidstidsordning
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
- Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B, og disponere eigen bil
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- godkjend politiattest etter helsepersonellova før du byrjar i stillinga
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Aurland kommune orgnr: 983788599 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
|
Webside | https://www.aurland.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | AURLAND (Adresse: Onstadvegen 25 Postnr: 5745) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-12-2024 |