Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut – Klinisk fysioterapi og førebygging, Helse Førde
Health and social care Fysioterapeut(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 22-12-2024
Deadline: 15-01-2025
Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut
Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 100% vikariat for spesialfysioterapeut/ fysioterapeut.
- Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus
- Arbeidsperiode: 20.01.2025 – 31.12.2026
Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i Medisinsk klinikk under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapiseksjonen har 19 stillingar, inkludert tre turnusfysioterapeutar.
Seksjonen gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og til Seksjon for Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapeutane arbeidar ut ifrå tilvising frå somatiske avdelingar og poliklinikk. Seksjonen har ein ung stab med fokus på fagutvikling og nye teknologiske løysingar.
I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling , er fleire tilsette i seksjonen aktive i høve til innovasjon, tenesteutvikling og forbetringsarbeid med tanke på å utvikle moderne og framtidsretta tenestetilbod. Døme kan være det digitale verktøyet Pust Deg Bedre og VR for menneske med hjerneslag:
Erfaringar med VR som fysioterapitiltak i rehabilitering av hjerneslagpasientar. Ein intervjustudie (fysioterapeuten.no).
Spesialisert rehabilitering er eit satsingsområde. Hausten 2024 opna vi tilbodet i ny og moderne sengeavdeling.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er tilknytt alle fagområde, med oppgåver der det er behov.
- Utgreiing , behandling og oppfølging av pasientar som er tilvist til fysioterapi under innleggelse og til poliklinikk.
- Tett tverrfagleg teamarbeid.
- Stillinga inkluderer helgevakter, ca. kvar 9 – 10 helg og høgtidsvakter.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
- Erfaring fra spesialisthelsetjeneste.
- Basiskunnskap i oppgåver fysioterapeutar møter på sengepostane.
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring med å arbeide i tverrfaglege team.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein engasjert person med gode kommunikasjonsevner som trivst med sjukehusoppgåver.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team.
- Du må ha evne til å strukturere dagen din og arbeide effektivt.
- Det er forventa at du er fleksibel og villig til å ta oppgåver på alle avdelingar ved behov.
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og engasjement for fagfeltet.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Å kunne bli en del av eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse på mange ulike fagområder.
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Mari Bårdvik, Seksjonsleiar, +47 473 78 841
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4898921567
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 20.01.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 15.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klinisk fysioterapi og førebygging, Helse Førde orgnr: 974744570 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Fysioterapeut |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | 20-01-2025 |
Søknadsfrist | 15-01-2025 |