Stillingsbeskrivelse

Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Spesialetterforskarar ved avsnitt for digitalt politiarbeid. Har du IT-kompetanse og vil etterforska kriminalitet i det digitale rom?

I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for digitalt politiarbeid (DPA) er det ledig ei eller fleire stillingar som spesialetterforskar. Avsnitt for digitalt politiarbeid (DPA) har medarbeidarar lokalisert i Bergen og Florø. Den utlyste stillinga vil være lokalisert enten i Bergen eller i Florø.  Ein må rekne med reiseverksemd i heile politidistriktet og spesielt mellom lokasjonene i Bergen og Florø. 

Kriminaliteten i dag er like mykje til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. Vi søkjer deg som vil vere med å gjere ein forskjell.  I eit innovativt miljø treng vi dyktige medarbeidarar som kan vere med å utvikle eininga vidare i takt med samfunnsutviklinga. Politiet har stort fokus på å bekjempe kriminelle nettverk og cyberrelatert kriminalitet.  Det vil i den samanheng være tett samarbeid med andre einigar i politietdistriktet og andre samarbeidande aktørar, både offentlege og privat.

Ved DPA har vi høgt kompetente medarbeidarar som nyttar seg av sin kompetanse innan områda vi driv med datateknisk etterforskning. Vi er opptatt av detaljer som kan bidra til å synleggjere både skuld og uskuld.  Eininga er prega av kontinuerlig utvikling og innovasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Identifisera og sikre elektroniske spor frå ulike kjelder
  • Prosessere, analysera, visualisera og presentera data frå ulike kjelder
  • Bistå med gjennomføring av innhaldanalyse og teknisk analyse av elektroniske spor
  • Planlegge og gjennomføra taktiske etterforskingssteg i saker om datakriminalitet og økonomisk motivert cyberkriminalitet
  • Utføre taktisk og teknisk etterforsking i eigne saker, og bidra med etterforsking av elektroniske spor i andre saker på oppdrag frå leiar, og gjennom vurderingar og analysar av innhenta data identifisera samanhengar og mogelegheite i etterforskinga
  • Halde seg oppdatert innanfor sitt fagfelt gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar
  • Være ein ressursperson og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet, og aktivt søkje og implementera gode løysningar på problemstillingar, både i etterforskinga og ved komplekse utfordringar.
  • Identifisera problemstillingar som kan løysast eller effektiviserast gjennom script eller programvare, og bruka programmeringsferdigheiter til å utvikla «on the flyga» løysingar som eksisterande verkty ikkje ivaretek
  • Bidra med eigen kompetanse på oppdrag innan OSINT, Dark Web, digitale ransakingar, etterretningsproduksjon og applikasjonsanalyse (primært web-applikasjonar)
  • Støtta den taktiske etterforskinga og sikra at den gjennomførast i samsvar med gjeldsande retningslinjer for sikring av digital informasjon
  • Gjennom tett samarbeid internt og eksternt yta bistand til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt ved aksjonar
  • Kan bli ein del av teamet som skal utgjere cyberprosjektet.  Dette prosjektet skal ha fokus på datakriminaltet og digitale bedrageri.
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Utdanning frå høgskule eller universitet på minimum bachelornivå eller tilsvarende, innan relevant fagfelt
  • Relevant erfaring blir vektlagt og kan i særlege tilfeller erstatte kravet til utdanning
  • Nordic Computer Forensic Investigators (NCFI)-studiar frå PHS blir vektlagt. Du må pårekne å ta minimum 30 studiepoeng innan 3 år etter ansettelse om du ikkje har NCFI studiar i dag. Anna relevant utdanning/kompetanse tilsvarande desse kan bli godkjent
  • Meget god IT- og systemkunnskap  
  • Evne til å kunne jobbe både sjølvstendig og i team
  • Erfaring/interesse for arbeid med cyberkriminalitet/informasjonssikkerhet
  • God skriftleg og muntleg fremstillingsevne
  • Beherske engelsk skriftleg og muntlig

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. 

Ønskeleg:

  • Utdanning innan Computer/Digital Forensics blir vektlagt  
  • Kunnskap om systemprogrammering med forståing av korleis operativsystem og lågnivå-programvare fungerer er ein fordel
  • Kunnskap om kunstig intelligens er ein fordel
  • Kunnskap om nettverksprotokollar er ein fordel
  • Erfaring med penetrasjonstesting/etisk hacking er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid med sikring og analyse av elektroniske spor er ein fordel
  • Erfaring frå programmering er ein fordel 
  • Erfaring frå politiet er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Være nysgjerrig, kreativ og innovativ i oppgåveløysinga i samspel med andre, og trivast med å jobbe i ein dynamisk organisasjon som endrar seg etter det teknologiske bildet og kriminalitetsbildet.
  • Være modig, vise respekt, tenke helhetlig og ha evnen til å ta selvstendige og strategiske avgjørelser i enkeltsaker.
  • Mål- og resultatorientert med evne til å arbeide systematisk over tid, både i team og under press.
  • Evne til å byggje relasjonar og vere ein god rettleiar og pedagog i høve til kollegaer og eksterne samarbeidspartar
  • Initiativrik og selvstendig, med evne til å søke og ta initiativ til løysningar på problemstillingar og kompetansehevende tiltak, samt ansvarsbevisst i å prioritere oppgaver i lys av overordna behov og sikre kvalitet i samspel med andre.

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga vert lønna som spesialetterforsker (stillingskode 1552) frå  ltr 71/ 708.000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr: 24/266258

Kontaktinformasjon

Odd Arve Solvåg, Seksjonsleiar, 57758835
Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6
5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4838815277
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Felles eining for etterretning og etterforskning, Avsnitt for digitalt politiarbeid orgnr: 983518907
Kort om arbeidsgiver

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6ad5a22a-9271-47c2-a056-f79e808ad994
IMPORTAPI