Stillingsbeskrivelse

Published 23-09-2024
Deadline: 07-10-2024

 

Spesialbioingeniør ved Kreftgenomikk

Kreftgenomikk er ein avdeling i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk og består to seksjonar; Blodgenomikk og Tumorgenomikk. Avdelinga nyttar ulike molekylære analysemetodar på kromosom, DNA og RNA nivå for å undersøke endringar i genomet som er viktige for diagnostikk og behandling. Laboratoriet er akkreditert ihht ISO 15189 standarden.

Avdelinga er ein av åtte einingar i Laboratorieklinikken som rapporterer direkte til klinikkdirektør. Kreftgenomikk samarbeider med Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk genetikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft, Seksjon for bioinformatikk og Biobank Haukeland. Dei tilsette har ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg kompetanse (helsesekretær, bioingeniørar, molekylærbiologar og legar).

Helse Bergen HF er eit infrastruktur for presisjonsdiagnostikk (InPreD) nivå 1 sjukehus. Kreftgenomikk har ei sentral rolle i utvikling og innføring av nødvendige laboratorieanalysar for presisjonsmedisin, samt arbeide i feltet mellom forsking og implementering av forsking i klinikken ved mellom anna å legge til rette infrastruktur og studiespesifikke analysar i kliniske studiar. Arbeidet går føre seg i tett samarbeid med andre einingar i Helse Bergen, og mellom sjukehus regionalt og nasjonalt. Gode IKT løysingar er sentralt for samhandling og effektiv prøve og informasjonsflyt og vi ser behov for å styrke også dette området i vår drift.

I denne stillinga vil bioingeniøren bidra både som IKT medarbeidar og i analytisk drift på laboratoriet tilknytta Blodgenomikk. Blodgenomikk seksjonen utfører genetisk diagnostikk av maligne blodsjukdommar og andre hematologiske sjukdommar.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil ha arbeidsoppgåver

  • knytta til funksjon som IKT medarbeidar kan omfatte å vidareutvikle, drifte og vedlikehalde avdelingas datasystem, ta uttrekk av data frå eigne datasystem og utarbeiding av rapportar til styringsformål og delta i prosjekt med behov for IKT oppgåver
  • knytta til dagleg analytisk drift som kan omfatte nukleinsyre ekstraksjon, celledyrking, kromosomanalyse, FISH, kvantitativ PCR, sanger-sekvensering, fragment-analyse, smeltekurvsanalyse, neste generasjonssekvensering og dagleg vedlikehald av instrumenta.
  •  Stillinga kan innebere deltaking i laboratoriets rutinar for blodprøvetaking

Kvalifikasjonar

Søkar må

  • ha godkjend autorisasjon som bioingeniør
  • meistre norsk og engelsk både skriftleg og munnleg  

Det er ønskeleg med

  • gode IKT-kunnskapar og da spesielt innanfor laboratoriehandteringssystemet vi nyttar
  • erfaring med molekylærbiologiske teknikkar og da spesielt avdelingas analysemetodar og programvare
  • erfaring frå diagnostisk rutinedrift

Personlege eigenskapar

  • Stillinga føreset evne til sjølvstendig og nøyaktig arbeid og det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Søkar må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø under oppbygging

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Randi Hovland, Seksjonsleiar, 91376839

Arbeidsstad

Jonas lies vei 21
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4862822714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 07.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Laboratorieklinikken/ Kreftgenomikk, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted BERGEN (Adresse: Jonas lies vei 21 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 07-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0ad9dfe3-ba31-4a8f-a6d6-903f3e4a21af
IMPORTAPI