Spennende spesialrådgiverstilling – psykolog Agder fengsel – Evje Ungdomseining – Agder fengsel
Security and readiness Politi fengsel og toll(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-01-2025
Deadline: 31-01-2025
Spennende spesialrådgiverstilling – psykolog Agder fengsel – Evje Ungdomseining
Om stillinga
Agder fengsel, Evje avdeling skal bli Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige. Frå og med 2025 skal avdelinga kunne ta imot inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga er ei avdeling med høg sikring, der det er mogleg å differensiere tilbudet til ungdommane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet vi skal gi, skal være i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn – høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn – høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje avdeling (11 plassar for mindreårige 15-18 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 70 av desse på Evje.
Vi etablerer eit særs spennande fagmiljø på Evje, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og god rehabilitering. Avdelinga skal ha tverrfagleg bemanning, og bemanninga skal istandsetjast til å kunne handtere mindreårige med svært avgrensa fridom på ein så god måte som mogleg. Fokus skal være på relasjonsbygging, miljløterapeutisk tilnærming og førebuing av overgangen til samfunnet, endringsarbeid med tanke på soning i samfunn eller førebuing til vidare soning i vaksenfengsel.
Det er viktig med god vegleiing av dei tilsette, både individuelt og i gruppe. Dette vil både handle om styrking av eigenskapar, styrking av gruppe og fellesskap, vegleiing knytt til metodisk / miljøterapeutisk tilnærming til den einskilde innsatte og til grupper av innsatte. Vegleiaren vi er på jakt etter, må være nysgjerrig på fagfeltet ungdom, ha stor interesse for gruppevegleiing og individuell vegleiing og ha eit ynskje om å påverke den faglege utviklinga til Evje avdeling.
Er det kapasitet utover Evje avdeling, vil det være mogleg for Agder fengsel å bruke denne kapasiteten også i høve vegleiing i grupper eller individuelt også i andre avdelingar.
Stillinga blir avlønna som seniorrådgjevar. Stillinga vil innebære å ha ansvar for vegleiing av tilsette knytt til ivaretaking av ein sjølv og ivaretaking av gruppa ein som tilhøyrer. Vi føreset ein sjølvstendig jobb der ein må ta initiativ, leie prosessar, evaluere prosessar, drive fagutvikling i dialog med lokal leiing og være opptatt av aktiv deling.
Stillinga vil inngå i tverretatleg team, som i tillegg består av fagressursar ved eksterne samarbeidspartnarar, lokal leiing og andre sentrale aktørar. Tverretatleg team vil kunne gje vegleiing både knytt til inntak til avdelinga, tilbod til den einskilde innsette og vegleiing til tenesteapparatet knytt til rehabiliteringsprosessen.
Stillinga er eit 100% engasjement over to år, men vi er også interessert i henvendelsar frå søkjarar som kan arbeide deltid (til dømes med opptrapping til full stilling).
Arbeidsoppgåver
- bistand til tilsette i planleggingsarbeidet rundt kartlegging av innsatte
- bistand til vurdering av innsatte under soning
- vegleiing og rådgivning av tilsette knytt til miljøterapeutisk arbeid og progresjonsarbeid
- vegleiing, rådgivning og undervisning av personell individuelt og i grupper knytt til fag og metodisk tilnærming
- vegleiing av tilsette knytt til sjølv-ivaretaking
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha:
- utdanning som psykolog – enten med relevant klinisk erfaring frå arbeid med mindreårige, eller med relevant vegleiingserfaring av tilsette innan fagetatar som arbeider med ungdom
- relevant høgskule- eller universitetsutdanning på masternivå, og 5 års relevant erfaring, eller bachelorgrad og lang særlig relevant erfaring kan unntaksvis erstatte kravet om utdanning på masternivå. Særleg relevant erfaring i denne samanhengen innebærer spisskompetanse innan fagområda vi etterspør, og dokumentert erfaring frå vegleiing
- særskild god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- skal inneha kompetanse på høgt nivå, god rolleforståelse og evne til å sjå heilheten i saker
- skal kunne utføre sjølvstendig problemløysing og analyse innanfor eit spesialisert fagområde, vise initiativ, planlegge, organisere og dele kunnskap
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
- plettfri vandel (ein må kunne framvise uttømmande politiattest)
- førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har:
- Interesse for vidareutdanning
- Interesse for internundervisning av ansattegrupper i fengselet
Personlege eigenskapar
- er sjølvstendig, initiativrik og har god gjennomføringsevne
- evne til å samarbeide på tvers av fag- og avdelingar
- har verdiar i tråd med etatens verdiar
- jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
- evne til å planleggje og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
- er positiv og ein god lagspelar
- arbeidssom og fleksibel
-
er nytenkande – og flink til å utfordre
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- gode treningsmuligheter, gratis parkering, mulighet for overnatting i pendlarbustad
- avlønning som seniorrådgivar kode 1364 – 615 700 – 692 400 kr per år. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare avlønning vurderast. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
Søknad og CV sender du elektronisk via linken «Søk stillingen» på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring skal fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du henter vitnemål fra vitnemålsportalen direkte i jobbnorge når du søkjer stillinga. Dersom dokumentasjon manglar, kan søknaden bli utelatt frå vurdering. Ved utanlandsk utdanning må det leggast ved godkjenning frå NOKUT.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Agder fengsel orgnr: 923537724 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor. |
Webside | |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | EVJE (Adresse: Sanitetsstien 7 Postnr: 4735) |
Stillingstype | Engasjement Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |