Spennande stilling i ein kommune i vekst – Bokn kommune Teknisk

Construction Andre ingeniorer

(15 timer siden)

  • BOKN
  •  Lagt til dato: 3. desember 2024
  •  Expire date: 6. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 03-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Spennande stilling i ein kommune i vekst

Bokn kommune søkjer ein dyktig og engasjert driftsteknikar til vårt driftsteam. Seksjon teknisk i Bokn kommune har 12 tilsette innan drift, vedlikehald og reinhald. Stillinga går inn i eit team av tre driftsteknikarar. Dei tilsette jobbar sjølvstendig og engasjert. Som driftsteknikar vil du ha ei sentral rolle i å sikre at våre tekniske anlegg fungerer optimalt. Du vil bidra til vedlikehald, reparasjonar og effektiv drift av kommunen sine bygg og infrastrukturen, inkludert vegar, uteområde, vassverket samt leidningsnett for vatn og avløp.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre rutinemessig vedlikehald og reparasjonar på kommunale bygg og tekniske anlegg

  • Identifisere og løyse tekniske problem

  • Samarbeide med eksterne leverandørar og entreprenørar

  • Følgje opp og rapportere om vedlikehaldsarbeid og tilstandsvurderingar

  • Delta i vaktordning og beredskapstenester

 

Kompetanse og erfaring:

  • Relevant fagbrev innan rørlegging, automatikk, bygg- og anlegg, byggdrift, mekanikk

  • Norsk er arbeidsspråk og må beherskast munnleg og skriftleg

  • Prosessforståing

  • Andre fag kan vere aktuelle

  • Førarkort klasse B, ønskjeleg med BE og T

  • Anna relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning

  • Kunnskap om å bruke tidsriktig IKT

  • Kommunal erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

Det er forventa at du er open for opplæring og å setje deg inn i nye fagfelt.

Stillinga inngår i ei vaktordning og i vaktvekene må du kunna vera på Bokn innan ein time.

 

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter deg som er sjølvstendig, moderne og engasjert. Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i team, og vere serviceinnstilt og løysingsorientert. Vi set pris på at du interesserer deg for moderne løysingar og samtidig kan verdsette tradisjonelle metodar. Vi søker ein person som er over gjennomsnittet fleksibel, god til å planleggje arbeidsdagen sin og jobbe strukturert. Det er viktig at du trivst i eit travelt arbeidsmiljø og kan ha god dialog med både innbyggjarar og samarbeidspartnarar.

 

Vi tilbyr:

  • Ei spanande og utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving

  • Fleksibel arbeidstid

  • Jobbtelefon

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bokn kommune Teknisk orgnr: 974617706
Kort om arbeidsgiver Teknisk seksjon er ansvarleg for drift og vedlikehald av offentlige bygg og anlegg. I tillegg til det er reinhald samla i teknisk seksjon.

Seksjonen har ansvar for følgande område:

Kommunale bygg
Vegar og gater
Kommunal vegtrafikksikring
Parkar, plassar og torg
Vassverk
Kloakk
Renovasjon
Byggesaker
Kommunale bustadfelt
Plansaker
Naturforvaltning

Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BOKN (Adresse: Boknatunvegen 37 Postnr: 5561)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/88065e56-e79c-48ed-b5f0-e49339999d30
IMPORTAPI