Spanande og allsidig stilling som driftsansvarleg/ vaktmester i nydelege Rosendal – Baroniet Rosendal
Reiseliv og mat Reiseliv hotell og overnatting(5 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 01-11-2024
Deadline: 02-12-2024
Spanande og allsidig stilling som driftsansvarleg/ vaktmester i nydelege Rosendal
Er du ein positiv og engasjert person som har godt overblikk i jobben din og evne til å handtera mange ulike oppgåver samstundes? Likar du at ingen dagar er like og at du får stor variasjon i arbeidsoppgåver? Då kan dette vera noko for deg!
Hva vi ser etter
Vi ynskjer oss ein positiv og engasjert medarbeidar som har godt overblikk i det daglege arbeidet og som kan handtera mange ulike oppgåver samstundes.
Stillinga krev stor grad av fleksibilitet med omsyn til arbeidsoppgåver. Vi vil leggje vekt på dokumentert erfaring, faglege kvalifikasjonar og personleg eignaheit.
Baroniet Rosendal er kun ope for publikum frå mai — oktober. Det er i denne perioden viktig at ein kan vera så mykje som mogleg tilgjengeleg.
Arbeidsoppgaver
-
Utføra dagleg tilsyn samt planlegging og koordinering av drift og vedlikehald av bygningane og omkringliggjande uteområde.
-
Kontroll, vedlikehald og drift av tekniske anlegg i bygningane
-
Ansvar for og oppfølging av serviceavtalar, årskontrollar og eksterne leverandørar.
-
Brannvernleiarfunksjon, inkl. sikringsplanar og alarmanlegg.
-
Ansvar for utrykking til alarmar i høve gjeldande beredskapsordning.
-
Oppfølging av brukarar og leigetakarar samt ulike prosjekt ved Baroniet.
-
Bidra i utvikling av virksomhetas avtalar, planar og budsjett
Vi tilbyr
-
Ei spennande stilling med unike faglege utfordringar.
-
Regulerte arbeidsforhold og god pensjonsordning.
-
Medlemskap i KLP og gode forsikringsordningar
-
Løn etter avtale
-
Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø i ein spennande bransje.
-
Fleksitidsordning.
Tilsetjing så snart som mogleg, etter nærare avtale.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Baroniet Rosendal orgnr: 919240741 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Baroniet Rosendal er eit unikt nasjonalt kulturminne som ligg i naturskjønne Rosendal i Kvinnherad kommune. Baroniet Rosendal består av slott og 19 andre freda bygningar, konsertsal, overnattingsverksemd og kafédrift, 350 mål freda hage- og jordbrukslandskap, sauehold og 12.000 mål skog og utmark. I tillegg til kulturminneforvaltning og museumsverksemd driv Baroniet Rosendal utstrekt kulturformidling og samarbeider med nokon av Noregs mest anerkjente artistar, musikarar, kunstnarar og kulturpersonar. Baroniet har 15 faste tilsette, ca. 60 sesongarbeidarar og omset for 35 millionar kroner per år og har rundt 60.000 besøkande årleg. |
Webside | https://www.baroniet.no/ |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Reiseliv, hotell og overnatting |
Sted | ROSENDAL (Adresse: Baronivegen 60 Postnr: 5470) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 02-12-2024 |