Stillingsbeskrivelse

Published 19-03-2025
Deadline: 06-04-2025

Sosialpedagogisk rådgjevar ved Eid ungdomsskule

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som sosialpedagogisk rådgjevar ved Eid ungdomsskule frå 1. aug. 2025.

Eid ungdomsskule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen vil skuleåret 2025-2026 ha ca. 265 elevar og 41 tilsette. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team. Det er eit godt og inkluderande arbeidsmiljø på skulen. 

Dei som søkjer må ha eit positivt menneskesyn, ha evne til å sjå den enkelte elev i fellesskapet. Ein må kunne hjelpe og støtte både enkeltelevar og elevgrupper med å trivast slik at dei opplever meistring, både sosialt og fagleg.

Meir informasjon om skulen finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for sosialpedagogisk oppfølging av elevar og sosialpedagogiske tiltak i elevgruppa. Støtte, rettleie og vere involvert i trivselstiltak i klassane/elevgruppa. Hjelpe elevar med personlege, sosiale og emosjonelle utfordringar som kan ha betydning for opplæringa og elevane sitt sosiale forhold på skulen.
  • Følgje opp elevar med høgt skulefråvær.
  • Ansvar for tverrfagleg samarbeid med andre kommunale og eksterne hjelpeinstansar som skulehelsetenesta, PPT, BUP, barnevern osb. Vere deltakar i ulike utviklingsprosjekt der dette er naturleg. 
  • Støtte og rettleie tilsette og team i oppfølginga av enkeltelevar og sosialpedagogiske tiltak i elevgruppa. Vere ansvarleg for koordinering av miljøteam på skulen. 
  • Arbeide etter BTI modellen for å sikre at elevane får den hjelpa dei treng. Vere koordinator og ressurs i dei sakene det er naturleg.
  • Oppfølging av psykososialt skulemiljø og ha ansvar for tiltaksplanar for elevar som opplever eit utrygt skulemiljø. 
  • Tett samarbeid med administrasjonen i høve sosialpedagogisk arbeid. Vere involvert i skulen sitt utviklingsarbeid. 

Kvalifikasjonar

  • Treårig relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule som til dømes sosialt arbeid, psykologi, pedagogikk. Utdanning med fokus på å forstå og støtte barn og unge i deira sosiale og emosjonelle utvikling.
  • Etter/vidareutdanning med relavans for sosialpedagogisk arbeid.
  • Evne til å kunne sette seg godt inn i lovverk knytt til skule og opplæring.
  • God innsikt og forståing i bruk av digitale verktøy. Har gode IKT kunnskapar. 
  • Det stillast krav til gode ferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.  

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode og trygge relasjonar til ungdomane.
  • Stor arbeidskapasitet, evne til å handtere ein hektisk arbeidskvardag. 
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å stå på ekstra i periodar.
  • Er sjølvstendig, systematisk og tek initiativ når oppgåver må løysast.
  • Er utviklingsorientert og har evne til omstilling og nye måtar å arbeide på.
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Godt lærings- og arbeidsmiljø.
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Høve til fagleg utvikling.
  • Stor fridom til å påverke eigen arbeidskvardag. 
  • Du blir ein sentral person for alle dei kjekke ungdomane og tilsette på Eid ungdomsskule.

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt gir opp relevant referanse av ny dato. 

Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest  av nyare dato.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga, kan du ta direkte kontakt med:
Eid ungdomsskule v/rektor Peder Felde telefon 97 03 27 61.

Kontaktinformasjon

Peder Felde, Rektor Eid ungdomsskule, 970 32 761

Arbeidsstad

Eid ungdomsskule
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4927823896
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eid ungdomsskule, Stad kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Webside http://www.stad.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Instruktører og pedagoger
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Eid ungdomsskule Postnr: 6770)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/364ab745-2073-4eaa-9593-26e0214ef2a8
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31