Sonograf – Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Lege

(15 timer siden)

  • ÅLESUND
  •  Lagt til dato: 15. oktober 2024
  •  Expire date: 30. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 15-10-2024
Deadline: 30-10-2024

 

Sonograf

Radiologisk avdeling Ålesund søkjer sonograf. Vi har ledig fast fulltidsstilling ved Ålesund sjukehus.

Vi ønskjer å utvikle avdelinga vår, og har no ledig ei nyoppretta stilling for vår første sonograf. Har du allereie denne kompetansen og kan tenkje deg ei stilling hos oss? Eller er du radiograf med spesiell interesse for ultralyd, og kan tenkje deg utdanningsstilling? Då ønskjer vi å høyre frå deg!

Avdelinga vår er ei fellesavdeling for radiologi for Ålesund og Volda, og har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT, MR, beintetthetsmåling og nuklærmedisin med PET-CT og SPECT-CT. Vi har ein topp moderne intervensjonslab for generelle og avanserte intervensjonar, inkludert EVAR. Ålesund har også  brystdiagnostisk senter for mammografiscreening og kliniske undersøkingar. Vi har høg produksjon, og dekker dagleg fagområder innanfor lunge, hjarte, urologi, gastro, gynekologi, muskel- og skjelett, barneradiologi, nevro/ØNH, og brystdiagnostikk.

Det planleggast i tillegg for nybygg på 7.300 kvm vest for sjukehuset, AIO-prosjektet, som skal innehalde nytt akuttmottak, intensivavdeling og sterilsentral. I nytt akuttmottak planleggast det blant anna ny CT-lab og takhengt røntgen i to traumestuer, som skal bemannast frå vår avdeling. Planlagt ferdigstilling er i 2026/27.

I avdelinga finn du ein god kombinasjon av unge og erfarne radiografar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søkjer deg som likar faglege utfordringar, er lærevillig og kan medverke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.

Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktiviteter både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! Med Ålesund som utgangspunkt har du kort veg til høge fjell og sjø, samt umiddelbar nærleik til flyplass (ca 25 min frå sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland.  
Sjå meir her

Høyrast dette lovande ut? Send oss ein søknad!

Helse Møre og Romsdal HF ynskjer at medarbeidarane våre skal spegle mangfaldet i befolkninga, og vi oppmodar kvalifiserte til å søkje hos oss uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit opphald i arbeidslivet. 

I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du legg ved dokumentasjon på vitnemål, arbeidserfaring og referansar. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som kjem fram i CV, og til å fastsette lønn.

Ved eventuelt internt opprykk vil vikariat kunne bli ledig. Intervju vil bli gjort fortløpande. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre ultralydundersøkingar
  • Sikre god fagleg kvalitet for ultralydaktivitet i avdelinga, gjennom:
    • oppdatering av prosedyrar i vårt kvalitetssystem
    • opplæring av kollegaer
    • oppfølging og vurdering av forbruksartiklar tilknytt prosedyrar
  • Andre oppgåver som inngår i avdelinga si drift kan bli aktuelle

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf/sonograf, og vere fagleg oppdatert
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein initiativrik og fagleg engasjert person
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner, og ei omsorgsfull tilnærming til dine pasientar
  • Du må trivast med å jobbe i tett samarbeid med kollegaer, og aktivt bidra til eit godt arbeidsmiljø og god flyt i avdelinga.

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4847817519
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747138
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e90230c6-5dc8-496e-a318-552af405e2e4
IMPORTAPI