Sommerjobb og summer internship 2025 – Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 måned siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 20-11-2024
Deadline: 02-03-2025
Sommerjobb og summer internship 2025
Har du lyst på verdifull erfaring og eit godt utgangspunkt for di vidare karriere? Då kan ein sommerjobb innan helse – og omsorgssektoren vere riktig for deg!
Gjennom ein sommarjobb hos oss får du god innsikt i om yrket passar for deg. Samtidig som du gjer ein viktig jobb for pasientane, og ikkje minst at du bidreg til å oppretthalde alle einingane innan helsesektor gjennom heile sommaren.
Vi har behov for kandidatar frå mai til og med august!
Nytt frå i år så tilbyr vi deg moglegheita til å delta i vårt Summer Internship-program! Begrensa antall plassa!
Sjekk ut om dette kan vere noko for deg og sleng inn ein søknad her: https://www.skaparglede.no/artikler/summer-internship-program-2025-i-sykkylven
Vi ber om at du opplyser om følgjande i søknaden:
- Om du søkjer ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS), Heimetenestene eller Bu- og rehabiliteringstenesta
- Søkjer du på fleire tenesteområde, ber vi deg om å sette opp ei prioriteringsliste
- Det er veldig viktig at du opplyser om kva for tidsrom du kan arbeide
Sykkylven kommune har behov for kandidatar i desse einingane:
Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS):
- Sone 1
- Sone 2
- Institusjon
- Måltid og ernæring (Kjøkken)
- Heimehjelp (vask av leilegheiter)
- Vaskeri (vask av pasientane sitt tøy)
Heimetenestene:
- Distrikt 1
- Distrikt 2
- Korttid/rehab
- Natt
Bu- og rehabiliteringstenestene:
- Ura
- Klokkerhaugen
- Avlastningsbustad barn og unge
- Barnebustad
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
- Spanande og meiningsfylt arbeid innan helse – og omsorgssektoren med turnusarbeid dag/kveld/helg
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske
- Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje stilt konkrete kompetansekrav til sommervikar. Vi oppmodar både dei som er under helsefagleg utdanning og dei som ønskjer å bli kjent med eit nytt yrke om å søkje. Dei som har motteke stipend frå kommunen vil bli prioriterte.
- Søkjarar som skal arbeide innan pleie, må vere fylt 18 år.
- Vikarar i heimetenestene må ha førarkort. Det er også ein fordel å ha førarkort om du ønskjer å arbeide i bu- og rehabiliteringstenesta.
- For tilsette innanfor helse – og omsorgssektoren må det leggast fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov, anten dei er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller på institusjon. Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar og assistentar.
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Kjekke kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter kvalifikasjonar
Kontaktinformasjon
Kristine Bjørnestad, avdelingsleiar korttid/rehab, 99494743
Linda Søvik, avdelingsleiar distrikt 2, 91898759
Anne Britt Kurseth, avdelingsleiar distrikt 1, 92695682
Randi Lindvik Kvam, avdelingsleiar Klokkerhaugen , 46865387
Trine Garshol, avdelingsleiar Ura, 90776577
Elisabeth Velle, avdelingsleiar Barne og avlastingsbustad, 94156291
Eli Marie Hustad Digernes, avdelingsleiar Måltid og ernæring, 90292029
Lillian Klock Urtegård, avdelingsleiar sone 1, 95948039
Janne Midtlid, avdelingsleiar institusjon, 99227466
Wenche Oldeide, einingsleiar BUAS, 90118218
Arbeidsstad
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4879120714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kommunalområde helse, Sykkylven kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. |
Webside | http://www.sykkylven.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | SYKKYLVEN (Adresse: Haugneset 16 Postnr: 6230) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 02-03-2025 |