Sommarvikariat, Lege i spesialisering/ medisinerstudent med lisens – Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde
Health and social care Lege(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Sommarvikariat, Lege i spesialisering/ medisinerstudent med lisens
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har i perioden 16.06.2025- 17.08.2025 behov for LIS1 ferievikarar.
Nordfjord sjukehus er eit av 3 sjukehus i Helse Førde.
Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har 5 faste overlegar, 6 LIS1, 1 Cand.med og 1 ALIS i ordnær drift. Medisinsk sengepost dekkjer medisinsk akuttfunksjon for pasientar i Nordfjordregionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde. Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, derav 3 overvakingssenger.
Arbeidsoppgåver
- LIS1 har varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengeposten
Kvalifikasjonar
- Utdanna lege, klar for LIS1 teneste
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
- Erfaring med DIPS Arena og MEONA vil vere ein fordel
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
- Tåle tidvis høgt tempo
Vi tilbyr
- Utviklande arbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte medisinskfaglege problemstillingar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
Kontaktinformasjon
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, +47 578 64 153
Arbeidssted
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4898485681
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 14 Postnr: 6770) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 16-06-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |