Sommarvikariat for sosionom ved Legemiddelassistert rehabilitering – Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen
Health and social care Miljoarbeidere(23 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-12-2024
Deadline: 07-01-2025
Sommarvikariat for sosionom ved Legemiddelassistert rehabilitering
Avdeling for rusmedisin (AFR) består av fleire seksjonar, herunder ein eigen seksjon for LAR, to ruspoliklinikkar, ein forskingsseksjon, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, mellom anna knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med divisjon psykisk helsevern.
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ansvaret for behandlinga av Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) til pasientane i Helse Bergen sitt opptaksområde.
LAR-Seksjonen er organisert i 6 geografiske team, samt eit team med tilbod om heroinassistert behandling (HAB). Kvart team er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR teama har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.
Arbeidstid frå kl.08.00 -15.30. Arbeid enkelte laurdagar må påreknast.
Vi søker sosionomar med interesse for faget. Kandidatar som kan jobbe 6 veker samanhengande vil ha fortrinn.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk oppfølging
- Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
- Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom
- Samhandling med samarbeidspartnare, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale
- Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel
Kvalifikasjonar
- Du er ferdig utdanna sosionom seinast våren 2025
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein førestnad og du må meistre norks skriftleg og munnleg
- Erfaring frå arbeid innan spesialisthelsetenesta i rusbehandling eller psykisk helsevern, samt kommunale tenester vil styrke søknaden
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du har god skrifteleg formidlingsevne
Vi tilbyr
- LAR er eit fagområde i stor utvikling. Vi kan derfor love ein utfordrande og arbeidskrevjande kvardag i eit godt arbeidsmiljø
- Ein arbeider i team og vil få opplæring og rettleiing
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Mariann Erdal, Leiar, 93894784
Arbeidsstad
Jordalsveien 1
5105 Eidsvåg i Åsane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4897523158
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 07.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | EIDSVÅG I ÅSANE (Adresse: Jordalsveien 1 Postnr: 5105) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 10 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 07-01-2025 |