Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Sommarvikarar sengepostar Førde sentralsjukehus

Vi søkjer etter sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar , sjukepleie-og legestudentar for sommarvikariat sommaren 2025. 
Periode: 23.06.2025 – 17.08.2025

Stillinga inneber arbeid annakvar helg i tredelt turnus. Ber om at det i søknaden blir opplyst om ein ønskjer ferie i løpet av perioden. 

Spesifiserar i søknaden kva post som er ønskjeleg å jobbe på, skriv helst tre ønskjer.  Avdeling for barn og unge tilset kun sjukepleiarar. 

Kontaktinformasjon seksjonsleiar på aktuelle avdelingar:

  • Akuttmottak og observasjonspost, Tom Ole Dyrstad – (47) 57839008 / 41530514
  • Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering, Sirianne Pidic- (47) 57839143/92499376
  • Kreft sengepost, Ida Juklestad – (47) 578 39313 / 91136864 
  • Medisinsk sengepost 1, Magnus Jarl Midtvoll ( 47) 57839306 / 40729970
  • Medisinsk sengepost 2, Inghild Espeland Mowatt – ( 47) 57839304 / 95886397
  • Ortopedisk sengepost, Håvard Nesse Røneid – (47) 99602854
  • Sengepost, barn og unge, Jorunn Sollid – ( 47) 57839515 / 99293641

For meir informasjon om dei ulike sengepostane, kan de nytte heimesida til Helse Førde eller ta kontakt med seksjonsleiar på aktuell avdeling. 

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og behandling til pasientar
  • Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med kommunehelsetenesta vert vektlagt

Kvalifikasjonar

  • For stilling som sjukepleiar krevst det dokumentert autorisasjon  
  • Sjukepleiarstudentar må ha fullført første sjukehuspraksis
  • For stilling som helsefagarbeidar krevst det dokumentert autorisasjon  
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Kompetanse, inkl. personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt – opplys om dette i søknad. 
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Vere fleksibel
  • Takle tidvis høgt temp
  • Vere engasjert

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ida Juklestad, Seksjonsleiar, +47 57839313

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4892117198
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 19.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 40
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 23-06-2025
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dd4c05a9-7b87-42e4-81d8-c7ba2363faaa
IMPORTAPI