Sommarvikarar  – Sengepost og poliklinikk LSH, Helse Førde

Health and social care Helsesekretaer

(2 dager siden)

  • LÆRDAL
  •  Lagt til dato: 1. desember 2024
  •  Expire date: 5. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Sommarvikarar 

Lærdal sjukehus har behov for ferievikarar sommaren 2025: 

  • Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar/hjelpepleiar og assistentar
  • Periode: 16.06.2025 – 24.08.2025

Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med totalt 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Sogn, og tek i mot det meste av augeblikkleg hjelp frå dette området.

Medisinsk poliklinikk er ein hjartepoliklinikk der ein utfører arbeids-EKG, Ekko Cor og på/avkobling av hjarterytmeregistreringar.

Ber om at det blir opplyst i søknaden kva arbeidsperiode og stillingsprosent som er ønskjeleg.
Vikariat om sommaren kan gje grunnlag for vidare arbeidskontrakt.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientrelatert arbeid
  • Gruppeleiing og medikamenthandtering  
  • Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
  • Gi god omsorg for pasient og pårørande
  • Mottak og oppfølging av pasientar 
  • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS arena og Meona
  • Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar for stilling som sjukepleiar
  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar for stilling som helsefagarbeidar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annen norsktest på B2-nivå. dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Erfaring frå arbeid innan helse er sterkt vektlagt
  • Gode IKT kunnskapar 

Personlege eigenskapar

  • Vere fagleg engasjert, samarbeidsvilleg og fleksibel
  • Like ein travel kvardag med nye og varierte oppgåver
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Arbeidsoppgåvene er varierte og spennande
  • Løn etter relevant utdanning og ansiennitet
  • Gode- pensjons og forsikringsordningar  
  • Hjelp til bustad
  • Naudsynt opplæring vert gitt

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne- Malene Hande , Einingsleiar Ortopedisk- og Medisinsk poliklinikk, (+ 47) 477 52 466
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar Medisinsk sengepost og Dialyse, (+47) 479 06 594

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4892064683
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sengepost og poliklinikk LSH, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted LÆRDAL (Adresse: Sjukehusvegen 9 Postnr: 6887)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/763d5a1b-c76c-40b7-9663-0abd368353c1
IMPORTAPI