Sommarvikar, tilkallingsvikar i Bjørgvin fengsel – Bjørgvin fengsel
Security and readiness Politi fengsel og toll(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 06-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Sommarvikar, tilkallingsvikar i Bjørgvin fengsel
Om stillingen
Bjørgvin fengsel lavere sikkerhet og Ungdomseininga Vest søkjer sommarvikarar som er tilgjengeleg for å jobba tilnærma 100% stilling i veke 25-32. I tillegg kan me tilby sporadisk teneste som tillkallingsvikar på sporadiske vakter resten av året.
En betjent/miljøterapeut har ansvar for dei innsette i deira kvardag. Miljøterapeuten/betjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetting og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med domfelte. Ein miljøterapeut skal ha evne til å drive miljøretta arbeid og motivere innsette/unge innsette.
Vi søker både ferdig utdanna fengselsbetjenter, og deg som ønsker å jobbe i fengsel og vurderer å søke fengselsskulen eller er student innan ulike relevante retningar. Vi søker også ferdig utdanna miljøterapeutar, eller studentar innan ulike relevante retningar.
Søkar må førebu seg på fysisk opptaksprøve og intervju en dag i uke 9.
Den som blir tilsett må delta på teoretisk og fysisk opplæring i uke 12 og uke 13.
Ferdig utdanna fengselsbetjenter er fritekne for opptaksprøve og obligatorisk opplæring. Her blir det kun avdelingsopplæring.
Arbeidsoppgåver
- avdelingsteneste med daglege oppgåver i forhold til innsette
- andre rutinemessige oppgåver
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdeling
- motivere dei innsette
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Alle nye vikarar må gjennom ei omfattande obligatorisk opplæring på nær 70 timar, herunder konflikthandtering og opplæring på avdeling. Ein må delta på all opplæring og bestå ein funksjonstest for å kunne jobbe i avdeling. Du vil få løn under opplæringa.
Utdanning og erfaring
Du må ha:
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
eller interesse for å jobbe i fengsel/ønsker å søke fengselsskulen, eller student, gjerne innan politi, jus (minimums utdanning er generell studiekompetanse) - du må oppfylle krava til opptak ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS som du finn her:
www.krus.no/opptakskrav
Eller:
- relevant utdanning frå høgskule på bachelornivå (det er ønskjeleg med utdanning som sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar)
- studentar kan også søkje, men krav om minimum bestått 3-årig videregåande skule
- erfaring frå miljøterapeutisk arbeid, erfaring frå arbeid i institusjon vert særleg vektlagt
Du må også ha:
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
- førarkort klasse B
- fylt 20 år i 2024
- god helse og fysikk, må kunne gjennomføre ein fysisk funksjonstest i uke 9.
- må kunne delta på obligatorisk modulopplæring i uke 12 og 13.
Det er ønskelig at du har
- erfaring frå liknande arbeid
- gode språkkunnskapar
Personlige egenskaper
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- har evne til sikkerheitstenkning, grensesetting, samt vere ein samtalepartner og rollemodell for dei innsette
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- interesse for og erfaring i miljøarbeid
- evne og vilje til å delta på aktivitetar med ungdom eller vaksne innsette utanfor fengselet
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- personleg eignaheit
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse.
- gode treningsmoglegheiter
- parkering, med lademuligheter mot betaling.
- stillinga blir løna med følgende alternativer:
Betjent 1078 lønnes med årslønn pålydande kr. 374.000-443.000 (søkere m/ relevant kompetanse kan ved vurdering få høyere avlønning). Fengselsbetjent 0264 årslønn pålydande kr. 443.000-557.100. Alternativt som miljøterapeut 1201 fra kr. 460.600-584.500 eller miljøterapeut 0808 fra kr. 443.000-509.300, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. Det er gode tillegg for helge-, kveld og nattarbeid i høve til tariff. Det blir trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorgen mener at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysning.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søker i kvar av disse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av disse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkerportalen vår. Du kan lese meir om kravafor å bli vurdert som søker i desse gruppene her.
Vi gjør merksam på at det ikkje må vere noke å utsette på vandelen til den som ver tilsett. Dette må dokumenterast med en uttømmande politiattest før tilsetting
Vi gjer også merksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentliggjort sjølv om søkar har bede om å verte unnateken søkarlista. Søkar vil i så fall bli varsla om dette og gitt anledning til å trekke søknaden.
Den som vert tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemt om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakt til HR-rådgivar Linda Solberg tlf: 55251296.
Søknad og CV sendes elektronisk via linken «Søk stillingen» på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål fra Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktes på 75 54 22 20.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bjørgvin fengsel orgnr: 890286712 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon. Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
|
Webside | |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | BREISTEIN (Adresse: Olav Bjordalsvei 63 Postnr: 5111) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 15 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |