Sommarvikar som fengselsbetjent Vik fengsel – Vik fengsel

Security and readiness Politi fengsel og toll

(18 timer siden)

  • VIK I SOGN
  •  Lagt til dato: 9. januar 2025
  •  Expire date: 26. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 09-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Sommarvikar som fengselsbetjent Vik fengsel

Om stillinga

Vik fengsel har behov for fleire sommarvikarer, det kan også vera behov for vikarer til sporadisk teneste utanfor sommarperioden. Me søkjer etter vikarar for fengselsbetjentar som dekke inn ferie og anna fråvær både på avdeling for høgare tryggleik og lågare tryggleik.

Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og sakshandsaming. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering. I tillegg skal fengselbetjenten vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.

Arbeidsoppgåver

 

  • bistand og rettleiing til innsette når det gjeld straffegjennomføring
  • ivareta ro, orden og tryggleik i fengselet
  • utføre daglege gjeremål på avdelinga

     

    Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde. Det må påreknast modulbasert HMS-opplæring i tryggleik.

 

Utdanning og erfaring

Du må ha

  • du må oppfylle krava til opptak ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS som du finn her: www.krus.no
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • plettfri vandel
  •  

Det er ønskjeleg at du har

  • Førarkort Klasse B
  • har evne til å være fleksibel, må pårekna å jobbe fulltid i sommarperioden med helgevakter opptil annankvar veke
  • interesse og engasjement blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til tryggleikstenking og grensesetjing
  • evne til å rettleie og motivere menneske i ein vanskeleg situasjon

     

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • stillingene blir løna i stillingskode 1078 betjent kr.374 00 – 443 00,- pr. år. alt etter ansiennitet. Kompensasjon for ubekvem arbeidstid kjem i tillegg.Det blir trekkt 2 % innskot  til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fyrstebetjent tenestekontor Stig Rune Grønsberg 57696585/91544023

 For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vik fengsel orgnr: 974736942
Kort om arbeidsgiver

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligger i Bergen. Vik fengsel ligg i Vik kommune, og er eit fengsel med med høgt og lågt tryggleiksnivå. Fengselet vart bygd i 1864, og fekk ei ny celleavdeling i 2007. Fengselet har ordinær kapasitet på 39 plassar. Av dei er 28 plassar med høg tryggleik og 11 plassar med lågare tryggleik. Fengselet som ligg mellom fjord og fjell i eit vakkert naturlandskap har omlag 50 tilsette

Webside
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted VIK I SOGN (Adresse: Røysavegen Postnr: 6893)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 6
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/23a95fea-2420-45c9-a4f5-fc9f2aa63c80
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/273196