Sommarvikar i Bergen fengsel – Bergen fengsel
Security and readiness Politi fengsel og toll(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 01-01-2025
Deadline: 19-01-2025
Sommarvikar i Bergen fengsel
Straff som endrar
Vi ser etter deg
som vil stå i front for å gjere kvardagen enklare og som vil bidra til å skape og gjennomføre ei straff som endrar.
I Bergen fengsel får du mogelegheita til å vere med å påverke. Som betjent har du ei viktig rolle i vårt arbeid med å sikre at dagens innsette kan bli morgondagens gode naboar.
Bergen fengsel ligg i Åsane bydel, ca. 15 minutter med bil fra Bergen sentrum.
. Video: https://youtu.be/yPsJr8Exqts
Kva går jobben ut på?
- bistand og rettleiing til innsette når det gjeld straffegjennomføring
- vareta ro, orden og tryggleik i fengselet
- utføre daglege gjeremål på avdelinga
Det må påreknast modulbasert HMS-opplæring i sikkerheit*
Utdanning og erfaring
Du må
- oppfylle krava til opptak ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS som du finn her: www.krus.no
- ha god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
- ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- ha førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring fra arbeid med menneske
Opptak/intervju
Felles opptaksprøve/fysisk test og intervju tirsdag 25.02.2025. Sjå fysiske opptakskrav på www.krus.no
For å kome vidare til intervju må du bestå fysisk test.
* Modulbasert opplæring
Om du vert tilsett, må du vere tilgjengeleg for opplæring på dagtid heile veke 12 og 13 i 2025
Det er ein fordel at du er tilgjengeleg til avdelingsteneste veke 25
Kva ser vi etter hjå deg?
Du er oppteken av å forstå og møte innsettes behov, trivast med å byggje gode relasjonar og sjå potensiale i kvar enkelt individ. Du evnar å motivere og følgje opp mennesker samstundes som du har fokus på sikkerheitsarbeid, har pågangsmot og ei positiv innstilling sjølv om du kan ha det travelt. Du likar å jobbe målretta og levere resultat av god kvalitet etter gjeldane lovverk og retningslinjer.
Det er viktig at du har haldningar og ein kommunikasjonsstil som er tilpassa bodskapen til kriminalomsorgen.
Kvifor velge Bergen fengsel ?
I tillegg til treningsmogelegheitar, eige treningsrom, bedriftsidrettslag, gratis parkering og kantine, tilbyr vi meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan vere med å gjere ein forskjell.
- stillinga blir løna som 1078 betjent fra kr 374000 – 443000 pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar
- kompensasjon for ubekvem arbeidstid kjem i tillegg. For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Stillinga har turnus, uniformsplikt og krev uttømmande politiattest utan merknad
Før du søkjer
Vi er opptekene av at du skal trivast hjå oss og kjenne at du har tatt eit riktig val dersom du vel Bergen fengsel. Difor tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Dette betyr at du kan få mogelegheita til å stille spørsmål til nokre av våre medarbeidarar. Dette kan vere ein måte å bli kjend med Bergen fengsel.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsførstebetjent Phillip Johannessen tlf. 55393758
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bergen fengsel orgnr: 974727730 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon. Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor. Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen. Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Kvinner og menn kan sone i Bergen fengsel. I Bergen fengsel har vi fokus på individuell tilnærming og tverrfagleg samspel. |
Webside | |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | HYLKJE (Adresse: Steinestøvegen 401 Postnr: 5109) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 30 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 19-01-2025 |