Sommarjobb på Nordliheimen – Austrheim kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-03-2025
Deadline: 08-04-2025
Sommarjobb på Nordliheimen
Om stillinga
Er du på jakt etter ein meiningsfylt sommarjobb?
Hjå oss kan du vere med å gjere ein skilnad, der du vert med å glede og hjelpe andre som treng det. Du vil vere med i eit omsorgsfylt team, der vi har det kjekt og gjer kvarandre god på jobb.
På Nordliheimen har vi eige kjøkken. I tilknytning til sjukeheimen har vi sansehage med lysthus, som bebuarane kan nytta. Me er opptatt av å sørgja for god livskvalitet for bebuarane – gjennom å ha aktivitetar både ute og inne.
Så dersom du vil ha ein arbeidsdag med varierte og kjekke arbeidsoppgåver, få nyttig arbeidserfaring og jobbe saman med flinke folk ber me deg lese vidare!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorgsoppgåver på Nordliheimen
- Kokk/kjøkkenhjelp ved Nordliheimen
Kven ser me etter?
Kvalifikasjonar:
- Meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Kunnskap om bruk av dataverktøy
- Krav til gyldig politiattest
- Bør kunne jobbe minimum 4 veker samanhengande
Personlege eigenskapar:
- Trivast å jobbe med menneske
- Kan arbeide sjølvstendig
- Positiv og lærevillig
- Bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø
Søknaden din må innehalde:
- Kva for nokre veker du ynskjer å jobbe
- Når du ynskjer å ha ferie
- All utdanning
Me tilbyr
- Sommarjobb i veke 26-33
- Stilling: 75-100%
- Turnus med vakter dag, kveld, natt og helg
- Gode kollegaer med godt humør
- Eit godt fagmiljø
- Moglegheit for ekstravakter/helgearbeid utover det neste året
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Austrheim kommune orgnr: 987550600 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn! |
Webside | https://www.austrheim.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | AUSTRHEIM (Adresse: Sætremarka 2 Postnr: 5943) |
Stillingstype | Sesong Deltid Antall stillinger: 10 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-04-2025 |