Sommarjobb på Andenes – Forsvarsbygg

Bygg og anlegg Andre ingeniorer

(3 uker siden)

  • ANDENES
  •  Lagt til dato: 1. april 2025
  •  Expire date: 24. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 01-04-2025
Deadline: 24-04-2025

Sommarjobb på Andenes

Forsvarsbygg søker 2-3 sommarvikarar til Andenes til oppgåver knytt til primært utandørsdrift, som til dømes plenklipping, målearbeid og  gjerdearbeid.

Vi har behov for sommarvikarar i vekene 26-33. Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe. 

Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3-4 veker den oppgitte perioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Plenklipping
  • Målearbeid
  • Gjerdearbeid
  • Diverse driftsarbeid

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i løpet av 2025.
  • Minimum ein av de som tilsetjast bør være over 18 år. 
  • Ønskelig med førerkort kl. B
  • Du må kunne autoriserast føre oppstart 

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 282 700,- – 404 900,- i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Tore Spjelkavik, Områdeleiar, 404 33 259

Arbeidsstad

8480 Andenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Forsvarsbygg

Referansenr.: 4928044459
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 24.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Forsvarsbygg orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Webside http://www.forsvarsbygg.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted ANDENES (Adresse: Postnr: 8480)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2377c153-3ccd-4f43-8893-cb999ecef4f7
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31