Sommarjobb i idylliske Hestad Kapell – Sande i Sunnfjord – Fortidsminneforeininga Sogn Og Fjordane Avdeling
Reiseliv og mat Reiseliv hotell og overnatting(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 01-04-2025
Deadline: Snarest
Sommarjobb i idylliske Hestad Kapell – Sande i Sunnfjord
Er du serviceinnstilt og glad i historie og natur? Me søkjer ein sommarvert til Hestad Kapell i Sande i Sunnfjord!
Hva vi ser etter
Me søkjer en omvisar som kan vere med å gje våre besøkande frå inn- og utland ei minnerik oppleving!
-
Du er imøtekomande og ansvarsfull
-
Har interesse for kultur og historie
-
Kan arbeide sjølvstendig
-
Du meistrar norsk og engelsk godt. Ytterlegare språkferdigheiter er eit stort pluss.
Fordel med eigen bil, då Hestad Kapell ligg landleg til med begrensa offentleg transport
Arbeidsoppgaver
-
Ta imot besøkande og fortelje om kapellet si historie
-
Hjelpe til med enkel orden og reinhald
-
Sørgje for ei triveleg oppleving for gjestane
Kapellet er opent for publikum 11.00-16.00 frå onsdag til søndag i publikumssesongen frå 2. juli til 31. juli.
Vi tilbyr
-
Ein unik sommarjobb i vakre og historiske omgjevnader 🌿
-
Varierte og kjekke arbeidsoppgåver
-
Møte med hyggelege gjestar og historieinteresserte
-
Ei fin erfaring å ha på CV-en
-
løn etter avtale
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk no! 😊
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fortidsminneforeininga Sogn Og Fjordane Avdeling orgnr: 973602276 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Fortidsminneforeininga er ei landsdekkande kulturvernforeining som arbeider for å ta vare på Noregs bygningsarv og kulturminne. Foreininga vart stifta i 1844 og eig fleire historiske bygningar, som ho vernar og held ved like. Gjennom informasjon, formidling og dugnadsarbeid engasjerer ho lokalsamfunn og fagfolk for å sikre kulturarven for framtidige generasjonar. |
Webside | https://fortidsminneforeningen.no/ |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Reiseliv, hotell og overnatting |
Sted | SANDE I SUNNFJORD (Adresse: Viksdalsvegen 914 Postnr: 6973) |
Stillingstype | Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-07-2025 |
Søknadsfrist | Snarest |