Stillingsbeskrivelse

Published 16-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Sokneprest i Hardanger og Voss prosti, Øystese og Ålvik sokn

VELKOMEN SOM PREST I FAGRE KVAM I HARDANGER!

Vi har ledig stilling som sokneprest i Hardanger og Voss prosti, med sokna Øystese og Ålvik som tenestestad. Kvam herad femner om eit vakkert landskap frå Hardangerfjorden til Kvamskogen. Heradet har om lag 8500 innbyggjarar, og 80% er medlemer. Informasjon om geografi, kultur, næringsliv og heradet i det heile finn ein på  https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/. Heradet har dei fire sokna Strandebarm, Vikøy, Øystese og Ålvik, alle med kvar sin kyrkje. Sokna samarbeider mellom anna gjennom fellesrådet og jamlege fellessamlingar.

Øystese sokn har per i dag 2.237 medlemmer. Øystese kyrkje er ei langkyrkje frå 1868 og har fem hundre sitjeplassar. Øystese sokn har sterke tradisjonar knytt til ytre- og indremisjon. Her er eit aktivt bedehusmiljø med eit variert barne- og ungdomsarbeid. Det er god oppslutnad om gudstenestene, trusopplæringa og kyrkjelege handlingar.

Ålvik sokn har 480 medlemmer. Ålvik kyrkje er ei langkyrkje frå 1962. Her er det og god oppslutnad om trusopplæringa og kyrkjelege handlingar. I 1905 starta metallindustribedrifta Bjølvefossen A/S opp og vart hjørnesteinsbedrift for bygda. I Ålvik sokn står folkekyrkja sterkt og dei viser stor tillit til presten sin. Det er stor oppslutning om trusopplæringstiltaka. Vi ønskjer ein prest som kan samarbeida med skule og nærmiljø og i samarbeid med sokneråd arbeida for at  gudstenestelivet vert styrka.

I Kvam kyrkjelege fellesrådsområde er det to sokneprestar, kyrkjeverje, to kyrkjemusikarar, kateket, kyrkjelydspedagog, konfirmantmedarbeidar, sakshandsamar og kyrkjegardsarbeidarar. Det er ønskt å få diakonstilling. Dei tilsette har kontor i Norheimsund kyrkje. Soknepresten i Samnanger er involvert i tenesteveketurnusen.

Dei to sokneprestane i Kvam samarbeider om tenestene i fellesrådsområdet etter halvårige planar med gudstenester og tenesteveker, men har tyngda av gudstenester i sine eigne sokn. Det er om lag 105 gudstenester, 75 gravferder, 25 vigslar, 75 konfirmantar og 60 dåp i året i Kvam. Sokneprestane sit i sine respektive sokneråd, og vekslar om å vere  geistleg representant i fellesrådet. Kateketen har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, men prestane tek del i sine sokn. Også ansvaret for andakter på institusjonane følgjer soknegrensene, med Øysteseheimen og Mikkjelsflaten i Øystese og arbeidsstova på den såkalla Pensjonisten i Ålvik.

Soknepresten går inn i eit breitt samansett fagleg team og deltek i stabsmøte, arbeidsmøte og planleggingsmøte.

Øystese sokn og Ålvik sokn har noko ulikt preg og profil, men er samde om at ein ønskjer å satse på gudstenesteliv, trusopplæring, diakoni, kyrkjemusikk og varierte kulturuttrykk. Sjå elles: www.kyrkja.no/kvam.

Prestane i prostiet vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg påfyll, åndeleg fellesskap og sosialt samvære. Heile prostiet er beredskapsområde.

Det er ein fordel å ha førerkort og disponere eigen bil.

Målforma er nynorsk.

Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne.
Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. 

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 

Arbeidsoppgåver

  • gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • konfirmantundervisning
  • trusopplæring
  • diakonalt arbeid
  • beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja

Kvalifikasjonar

  • cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
  • medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • evne og vilje til samarbeid
  • god gjennomføringsevne
  • evne til å motivere
  • gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med menneske i alle aldrar
  • kontaktskapande og ønskjer å samarbeide med skule og nærmiljø
  • ønskje om å løfte fram kreative evner i kyrkjelyden
  • søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • pensjonsinnskot i KLP
  • reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
  • arbeidsvegleiing (ABV)

Kontaktinformasjon

Arild Hellesøy, Prost i Hardanger og Voss, 90699533
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidssted

Hardangerfjordvegen 631
5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 4867280938
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme orgnr: 977011752
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.kirken.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted ÅLVIK (Adresse: Trånavegen 80 Postnr: 5614)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/39c0a823-bec9-48c8-a40f-12d607803b17
IMPORTAPI