Skjold skule er på jakt etter ein ny kollega og lærar på barnetrinnet. Kan dette vere deg? – Vindafjord kommune Skjold skule
Construction Andre ingeniorer(22 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 04-11-2024
Deadline: 18-11-2024
Skjold skule er på jakt etter ein ny kollega og lærar på barnetrinnet. Kan dette vere deg?
Me søker:
Me har ledig 100 % fast stilling ved Skjold skule som lærar på barnetrinnet. Stillinga er ledig frå 1. februar 2025.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Kontaktlærar på mellomsteget
- Oppfølging av elevenes faglege og sosiale utvikling på barnetrinnet.
Kvalifikasjonar:
- Allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
- Det er eit ynskje at den som blir tilsett kan undervisa i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar:
Me ynskjer ein dyktig pedagog som likar å arbeide med elevar.
- Tydeleg klasseledar
- Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
- Evne til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling
- Strukturert og sjølvstendig
- God relasjonskompetanse
- Fleksibel og løysningorientert
- Positiv og utviklingsorientert
- Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Personleg eigenhet vektlegges særleg.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO