Sjukepleier/ helsefagarbeidar – Bemanningssenter,Stord sjukehus

Health and social care Sykepleier

(2 dager siden)

  • STORD
  •  Lagt til dato: 22. desember 2024
  •  Expire date: 6. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 22-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Sjukepleier/ helsefagarbeidar

Ny karriere moglegheit ved Bemanningssenteret til Helse Fonna Stord sjukehus! 

Vi søkjer etter engasjerte,fleksible og lærevillige helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som ønskjer å bli ein del av vårt dedikerte team på Stord . 
Veit du ikkje heilt kva fagområde du vil jobbe innan? Eller likar du variasjon der ingen arbeidsdag er heilt lik?

Sjukepleiar 100%
Vi ønskjer å tilsetje 1 sjukepleiar. Stillinga passar for deg som ønskjer variasjon, som vil jobbe på fleire avdelingar. Du kan sjølv påvirke kva avdelingar du ønskjer å jobbe på og skape ditt eige kompetansefelt. Dette er ein unik moglegheit til å kunne følgje pasienten sitt behandlingsforløp på sengeposter og poliklinikkar. Vi oppfordrer også dei som ønskjer å ta vidareutdanning og treng å samle seg kompetanse til å søkje. Sjukepleiarar som får sin autorisasjon våren 2025 kan også søkje.

Helsefagarbeidar 100%
Vi ønskjer å tilsetje 1 helsefagarbeidar på Stord. Vi søkjer særskilt etter deg som ønskjer å utvikle ei brei kompetanse innan ulike kliniske område. Du må vere fleksibel, lærevillig,ønskje kompetanseheving og utvikling då vi tilbyr sertifisering i prosedyrar som vanlegvis vert utført av sjukepleiar.

I Bemanningssenteret har me årsarbeidsplan, så du veit når du skal arbeide. Vi har fleksibilitetstillegg som p.t. er på 33 000 kr i året i 100 % stilling. Dette er for at ein skal kunne være fleksibel og kunne bytte inntil 8 vakter per 12-ukersperiode dersom det er behov for det. På denne måten kan Bemanningssenteret bidra til å hjelpe dei ulike einingane når dei får akutt behov for vikar. Vi har også faste fagdagar i turnusen vår.

Om annan stillingsstorleik er meir aktuelt for deg kan du skrive det i søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og stell av pasientar
  • Diverse undersøkingar
  • Administrative oppgåver
  • Samhandling med andre instansar
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Oppfølging og rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar eler helsefagarbeider 
  • Gode IT-kunnskaper
  • Kjennskap til DIPS og Meona er ein fordel, men opplæring blir gitt
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskjeleg, men opplæring blir gitt
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og god evne til samarbeid
  • Trivst med å arbeide på ulike avdelingar 
  • Ansvarsbevisst og pålitelegPositiv og utadvendt
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø
  • Stor arbeidskapasitet
  • Opptatt av å halde seg fagleg oppdatert 

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidsplan
  • Fleksibilitetstillegg på 33000 kr/år i full stilling
  • Varierte arbeidsdagar
  • Moglegheitfor å byggje brei erfaring og kompetanse
  • Moglegheit til å bli kjent på tvers av avdelingar og klinikkar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4895610781
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bemanningssenter,Stord sjukehus orgnr: 974742985
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/294c7abe-3f75-4a99-a0f4-01a1c3a1513c
IMPORTAPI