Stillingsbeskrivelse

Published 22-10-2024
Deadline: 05-11-2024

 

Sjukepleiarvikariat i 60 % stilling ved Seljord helsesenter

Vi er eit veldrive kommunalt helsesenter med legekontor, legevakt, helsestasjon, fysio-og ergoterapiavdeling og frisklivsentral under same tak. Avdeling for psykisk helse og rus høyrer og til helseavdelinga, og den er lokalisert på Heddeli. Legekontoret har 6 fastlegar og 2 LIS-1 stillingar som jobbar tett med dei andre faggruppene i avdelinga.

Om stillinga:

Vi søkjer etter ein sjukepleiar i ledig 60 % vikariat frå 06.01.25 – 28.02.26. Stillinga vil vere på legekontoret med dagtidsabeid, men den kan utvidast til og å innbefatte arbeid ved legevakta dersom behovet vårt endrar seg. Sjukepleiarane jobbar i fremste rekke med veiledning og prioritering på telefon. Det er og mottak, observasjon og behandling av øyeblikkeleg hjelp-pasientar sjølvstendig og saman med lege.

Fleire av sjukepleiarane har dela stilling mellom legekontor og legevakt.

Vi kan freiste med gode kollegaer i eit godt fag-og arbeidsmiljø. Vi er eit primærhelseteamkontor, og har stort fokus på team og tverrfagleg samarbeid.

Det vert lagt vekt på personleg egnaheit og evne til både jobbe sjølvstendig og vera ein god lagspelar.

Du er

  • Off.godkjent sjukepleiar

  • Har erfaring frå legekontor og/eller legevakt

  • Har interesse for akuttmedisin

  • Er ein god lagspelar

  • Interessert i fagutvikling

Vi tilbyr

  • Løn etter Hovudtariffavtala

  • Pensjon via KLP

  • IA-bedrift

  • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer

  • Spanande arbeidsoppgåver med fokus på samhandling, teamarbeid, fag og utvikling.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Eldbjørg Haugan på telefon 90968018 eldbjorg.haugan@seljord.kommune.no

Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjøn, kultur eller religion om å søke.

Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Seljord Helsesenter Allmenn Legeteneste orgnr: 988748749
Kort om arbeidsgiver

Seljord kommune

Seljord kommune er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark. Seljord ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, to grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggjarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.

Webside https://seljord.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SELJORD (Adresse: Ingrid Slettens veg 16 Postnr: 3840)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 06-01-2025
Søknadsfrist 05-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c59a78bc-c8e5-4cda-bceb-53baff6f5513
Stillingsregistrering