Sjukepleiar/vernepleiar – Haugaland DPS, Kopervik
(6 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 26-03-2025
Deadline: 30-04-2025
Sjukepleiar/vernepleiar
Brukarstyrt post i Kopervik er underlagt Haugaland DPS i Klinikk for psykisk helsevern, og me tilbyr fem døgnplassar for pasientar med psykiske lidingar.
Pasientar med avtale har moglegheit til å skrive seg inn sjølv ved behov. Avdelinga vår byggjer på prinsippa om recovery og miljøterapi med fokus på pasientens eigne mål.
Posten er bemanna med eit flott team av erfarne sjukepleiarar, vernepleiarar og og helsefagarbeidarar, og me søkjer no ein sjukepleiar/vernepleiar til fast helgestilling. Turnusen inneber arbeid kvar tredje helg, der vaktene varierar mellom dag kl.07.30 til 15.00, kveld kl.14.30 til 22.00 eller langvakt på tolv timar frå kl.10.00-22.00.
Grip sjansen, dette er ei unik moglegheit til å vere med å gjere ein forskjell for vår brukargruppe!
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Ansvarsvakt
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Tilrettelegging for og deltaking i samtalar
- Samarbeid med interne og eksterne instansar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsefagleg høgskule (bachelor)
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Engasjement og interesse for pasientgruppa
- Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
- Sjølvstende
- Gode relasjonsferdigheitar
- Raushet og godt humør
Vi tilbyr
- Eit svært trivelig arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift
Kontaktinformasjon
Eva Utseth Gangstø, Funksjonsleiar, eva.utseth.gangsto@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Asaldalvegen 1
4250 Kopervik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4944953813
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Haugaland DPS, Kopervik orgnr: 986272909 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no. |
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | KOPERVIK (Adresse: Asaldalvegen 1 Postnr: 4250) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-04-2025 |