Sjukepleiar/Vernepleiar – Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

Health and social care Sykepleier

(6 dager siden)

  • SANDANE
  •  Lagt til dato: 17. desember 2024
  •  Expire date: 8. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 08-01-2025

 

Sjukepleiar/Vernepleiar

Skjerma eining i 1. etg på Gloppen omsorgssenter har ledig 100 % vikariat i eit år som sjukepleiar/vernepleiar med snarleg tilsetting.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktivitetar i forhold til demensomsorg/alderspsykiatri, med fokus på ei personsentrert omsorg, primærkontaktansvar og samarbeid med pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Det er ønskjeleg med praksis frå demensomsorg/alderspsykiatri.

Personlege eigenskapar

  • Vår nye medarbeidar må ha interesse for demensomsorg/alderspsykiatri og kunne formidle tryggleik og ro.
  • Vi søkjer etter ein ansvarsbevisst medarbeidar med evne til samarbeid, som kan jobbe både sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stillinga er organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Wenche Pedersen Thomas, avd.leiar skjerma, +47 94892130
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4895749914
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 08.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 08-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2b7a30b6-2223-49c0-ab39-cc5fcb26d1e9
IMPORTAPI