Sjukepleiar/vernepleiar – Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Health and social care Sykepleier

(3 dager siden)

  • OS
  •  Lagt til dato: 10. november 2024
  •  Expire date: 25. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-11-2024
Deadline: 25-11-2024

 

Sjukepleiar/vernepleiar

Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig 100% fast stilling frå snarast

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.
Bjørnefjorden bufelleskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjevtenester til 12 tenestemottakarar. 

Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. «Kva er viktig for deg», skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.

Stillinga er i ordinær turnus med arbeidshelg 4.kvar helg.(langvakt på helg)

Kvalifikasjonar 
Vi søkjer deg som har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. Det er fortrinnsvis ønskjeleg med erfaring i frå målretta miljøarbeid til personar med nedsatt funksjonsevne, men erfaring frå eldreomsorg eller psykisk helsearbeid vil også vera relavant.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar 

Utlands utdanning må vere godkjend av Direkotratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
– Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
– Løn etter gjeldande avtalar.
– Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester orgnr: 973958100
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/87b304f9-2a8d-42ff-a339-5ba265e4c833
IMPORTAPI