Sjukepleiar/Vernepleiar 80-100 % vikariat på natt – Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Health and social care Sykepleier(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 16-12-2024
Deadline: 06-01-2025
Sjukepleiar/Vernepleiar 80-100 % vikariat på natt
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og vil vere med å bidra til utvikling av tenestene ved Fusa bu- og behandlingssenter og heimetenester er dette jobben for deg!
Vi har ledig stilling fom.13.01.2025 for sjukepleiar/vernepleiar i 100 % stilling, der vi er fleksibel med omsyn til stilligsstorleik. Stillinga er i turnus, for tida med arbeid 3. kvar helg etter gjeldande avtalar. Stillinga er eit vikariat, med moglegheit til forlenging, der 80% av stillinga for tida er knytt til foreldrepermisjon på natt i tida 13.01 – 31.08.25. Resterande del av stillinga om du ynskjer 100 %, vil dekke inn ved behov for ressursar i heimetenesta på kveld/natt.
Fusa bu- og behandlingssenter og heimetenester ser på ulike måtar å organisere arbeidet for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar. Nattevakts teamet hos oss jobber både ute i heimetenesta og inne på sjukeheimen. Den stillinga har hovudtyngde av vakter ute. Som tilsett vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område. Du får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) og heimetenester.
For tida inngår stillinga i nattevaktsteamet i eininga som gir tenester til bebuarar på Fbbs og heimebuande. Fbbs er ein heildøgnsinstitusjon med miljøavdelilng for personar med demens, buavdeling og korttids-/ rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt ØHD- plass. Heimestenesta er delt i avdelingane gruppe 1 Baldersheim, gruppe 2 Eikelandsosen og dagsenter.
Arbeidsoppgåver
- Utøve klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt
- Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
- Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- Ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer fortrinnsvis sjukepleiar, men vernepleiarar kan og søkje
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Vere god i norsk, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må legga fram politiattest
Personlege eigenskapar
- Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Vi er fleksibel med omsyn til stillingsstorleik
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO