Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 10-01-2025

 

Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % stilling – Demensarbeidslaget

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar
Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale. Stillinga er først eit vikariat for foreldrepermisjon i ca 1 år. Etter det vert stillinga knytta til Ressursbemanningsavdelinga i Heimetenesta Os der ein må kunne jobbe ved fleire avdelingar.

Arbeidsstad
Heimetenester Os – Demensarbeidslaget

Arbeidsoppgåver

  • Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Jobbe miljøretta, og utføre tillitskapende arbeid heime hos brukar
  • Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
  • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar 
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Førarkort kl. B.
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått » Bergenstest» (test i norsk – på høgare nivå.)
  • Det vil vera ein fordel at søkjar har erfaring frå å jobba med demente.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar

  • Vi ynskjer ein person som er løysningsfokusert og som har gode kommunikasjons -og samarbeidsevner
  • Er ein god motivator og støtte for brukar, og pårørande

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar, og du må lika å arbeida tverrfagleg saman med sjukepleier, helsefagarbeidar og assistentar.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os orgnr: 974544989
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted OS (Adresse: Holen 1 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8f6516c1-11a0-4566-9b45-fc79f8a68943
IMPORTAPI