Sjukepleiar/vernepleiar, 100 % stilling – Alver kommune

(2 uker siden)

  • ISDALSTØ
  •  Lagt til dato: 18. mars 2025
  •  Expire date: 8. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 18-03-2025
Deadline: 08-04-2025

Sjukepleiar/vernepleiar, 100 % stilling

Kort om stillinga og arbeidsplassen

Vi har no ledig ein fast 100% stilling som vernepleiar eller sjukepleiar. 

Turnus vil per no i hovudsak vere dagvakter på ca 7,5 timar med ca ei kveldsvakt i veka og arbeid 3. kvar helg. Samtidig er me open for innspel på turnus og kan til dømes vurdera langvakter og 4.kvar helg til neste årsturnus. Vi er open for endring og ynskjer dialog kring dette! 

Bjørkhaugen Bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er bustaden til 6 personar med utviklingshemming. Vårt mål er å gje tilpassa tenester for at kvar og ein skal oppleve meistring og sjølvråderett, samt å få riktig hjelp og støtte for å leve eit godt liv. For å oppnå dette treng me ein vernepleiar/sjukepleiar med engasjement og pågangsmot. 

Arbeidsoppgåver

  • Fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene, inkludert igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak 
  • Tett somatisk og medisinsk oppfølging
  • Samarbeid med legar og spesialisthelsetenesta
  • Primærkontaktoppgåver
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
  • Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane, etter vedtak
  • Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
  • Pårørandesamarbeid

Kvalifikasjonskrav

  • Offentleg godkjent vernepleiar eller sjukepleiar
  • Førarkort kl. B
  • God norskkunskap, både munnleg og skrifteleg
  • Gode evner i bruk av dataverktøy
  • God evne til å bygge og vedlikehalde relasjonar både til bebuarar, pårørande og kollegaer 

Vi ser etter deg som

  • har evne til å sette deg inn i bebuar sin situasjon, og taklar deira utfordringar med tryggleik og respekt i sårbare situasjonar
  • har somatisk erfaring og fagleg engasjement 
  • har naturleg evne til å sjå kvar bebuar sine ressursar og behov
  • har god fysisk og psykisk helse
  • har god arbeidskapasitet, er løysingsorientert og har evne til å prioritera

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi tilbyr

  • Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
  • Ein meiningsfull jobb der din kompetanse gjer ein forskjell for andre
  • Godt arbeidsmiljø med godt samarbeidsklima og faglig fokus
  • Lønn og tilsetjingsvilkår etter lov – og avtaleverk
  • Oppfølging og rettleiing
  • Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
  • God pensjonsordning i KLP

Vi er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 25 Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/57743332-982d-4220-8930-280a81a8d7b4
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277581

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31